Sist oppdatert: 05.11.2011 05:25

Litt meir om det å skrive norsk 

ELDOR BRÅTHEN

For nokre veker sidan spurde Arne om eg kunne skrive ein kronikk til Hedalen.no. Den gongen passa det dårleg for meg , men vi vart einige om at eg skulle sende noko i november. I mellomtida har Ingrid A. Stillingen gitt oss ein velskriven og interessant kronikk om språk, og mange har skrive gode kommentarar. No er språkspørsmålet antakeleg utdebattert for ei stund, men gidd du å hengje med, vil eg likevel prøve å skrive ned litt av det eg meiner om dette temaet.

Eg skriv nynorsk denne gongen. Det gjer eg fordi eg har tenkt å skrive litt om god norsk språkføring, og fordi nynorsk setningsoppbygging bygger på naturleg norsk talemål. Ein kan ikkje i like stor grad seie det samme om bokmålet. I tillegg kjem det faktum at dialekta vår ligg klart nærmare nynorsk. No har eg kome med eit par druge påstandar som eg må prøve å begrunne.

Eg skal gje deg eit eksempel. Poteten er ei nyttig plante, og det hender ungane her i Hedalen får i oppgåve å skrive litt om denne planta. Heime er dei forhåpentlegvis opplærte til å seie: ” I vår sette vi potet, og i haust grov vi dei oppatt.” Så begynner ungane på skolen og skal lære å skrive norsk. Da heiter det: ”I vår satte vi poteter, og i høst gravde vi dem opp igjen.”

”For meg er det det samme om man skriver ”gryden” eller ”gryten”. Hovedsaken er at folk har noe å ha i gryta, ” sa ein stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet i ein språkdebatt i 1917. Han var inne på noko der, men no handlar det altså om språket vårt. Når talemålet og nynorsk skriftspråk går så bra i hop som det gjer her i Hedalen, er det både dumt og upedagogisk å innbille folk at nynorsk er vanskeleg og unyttig og noko dei helst burde få sleppe.  

Eg veit at det finst dei som ikkje vil skrive under på det eg no seier. Eg har meir enn ein gong hørt folk, til og med kollegaer i skoleverket, prate om norsk og nynorsk. Av gammal vane heldt eg på å skrive ”gode kollegaer”, men ein slik karakteristikk passar ikkje. Enten er dei usolidariske og øydelegg bevisst for det arbeidet andre skal gjera, eller dei har rett og slett ikkje greie på kva dei pratar til elevane om. Beint fram tala; dei er ikkje gode kollegaer, og kanskje enda mindre gode lærarar. 

Da eg gjekk på folkeskolen, som det heitte den gongen, kalla vi verba gjerningsord fordi verb er ord som fortel kva vi gjer. Vi et og les og skriv og søv. Desse fire verba er alle sterke verb. Grammatikk er noko herk, men det må til. Skal ein snikkar fortelja om det å snikra, er det vanskeleg for han å styre heilt utanom dei faguttrykka som hører yrket til. For slike som meg, som ikkje er inne i terminilogien, må han ta bryet med å forklare enkelte ord.

Eg skal prøve å forklare kva eit sterkt verb er for noko. Eit sterkt verb har ikkje ending i preteritum. Det gjeld både for nynorsk og bokmål.  ”Preteritum” er, enkelt sagt, det samme som fortid. I går las eg ei bok. Verbet ” å lese” har inga ending i fortid og er altså eit sterkt verb. Dette gjeld for nynorsk. På bokmål har det ending og er svakt verb. ”Jeg lesTE”. 

”Presens” er den forma av verbet som vi bruker for å fortelja om det vi gjer akkurat no: ”Eg skriv.”(På bokmål skriver jeg. ) På nynorsk har sterke verb ikkje ending i presens. Nøyaktig det samme gjeld for hedalsdialekta!  Nokon i blant oss skyt, i alle fall i elgjakta. Dei ber kjøtt og drikk kaffe. (Å ”vera” og ”bera ”blir skrive med ”e” på nynorsk. ) Heng du med? Bokmålsfolk må dra med seg ei aldeles unødvendig ending.  Dei ”bærer”, ”drikker”, henger og ”skriver”. 

Norsk er eit verbalt språk. Den som vil skrive god og naturleg norsk, bør passe seg så han ikkje blir råka av det som gjerne blir kalla ”substantivsjuka.” (”Substantiv” kan vi kalle  ”namnord.” Dei er namnet på noko, f. eks. ”ein hest” eller ”ein tanke”. ) Kjem du i skriftleg debatt med ein som bruker bokmål, kan han godt finne på å hevde at: ” Dine påstander er ikke i overensstemmelse med sannheten.”

Han kunne ha skrive: ”Det du påstår, stemmer ikke med sannheten.” ( På nynorsk: ”sanninga”.) Eller enda betre: ”Det du påstår, er ikkje sant.” Eg seier ikkje at nynorsken er heilt fri for substantivsjuka, men eg trur nynorskbrukarar har lettare for å unngå henne.  Eller sagt på ein annan måte; eg er trygg på at vi unngår ”substantivsjuka” om vi tek utgangspunkt i talemålet vårt i staden for å setja om frå bokmål.  

Tilbake til debatten etter kronikken hennes Ingrid. (Ein god norsk setning som den du nettopp har lese, fell ”unaturleg” på bokmål. Der heiter det vel helst: ”Ingrids kronikk ” )

Fleire år før eg slutta som lærar, fekk sensorar beskjed om at da/når-feil skulle ingen trekkast for ved eksamen, rett og slett fordi ”når” i preteritumssetningar har vorte vanleg i talemålet.  Eg likte det ikkje den gongen, og eg liker det framleis ikkje, men eg er redd vi må innsjå at det slaget er tapt.

Å korrigere er alltid lettare enn å rettleie. Eg veit med meg sjølv at eg har brukt alt for mykje tid på korrigering og alt for lite tid på rettleiing. Du skulle helst ikkje la folk sleppe unna med noko som var direkte feil, og da kom rettleiinga i andre rekke. Eg håper norskopplæringa i dag blir drive på ein annan måte.

Eg vil slutte med å gjenta noko av det klokaste og viktigaste som vart påpeikt i ”Ingrid-debatten.” Redsla for å gjera formelle feil må aldri hindre oss frå å skrive og diskutere! Å sleppe tankar laus slik at andre får vite om dei, er ein risikosport. Å setje dei på papir kan følast enda meir risikabelt.

Eg skriv ein del. I ettertid oppdagar eg svært ofte at det eg har skrive, skulle ha vore formulert på ein annan og betre måte. Det lyt ein leva med.

Eg vågar meg til å slutte med ei lita oppfordring: Skriv klart! Skriv enkelt! Skriv norsk, gjerne nynorsk!