Sist oppdatert: 14.04.2012 09:40

Gode nettordbøker

ARNE HEIMESTØL
 

Har du sakna ei god ordbok som omset ord frå bokmål til nynorsk? No har Lexin kome med ei nettordbok som kan vere til hjelp - og som er heilt gratis å bruke.

Kva heiter for eksempel bokmålsordet fristelse på nynorsk? Skriv inn ordet, og du vil sjå at oppslagsordet på nynorsk heiter freisting. I tillegg er det lagt inn forklaring på kva ordet betyr, korleis du skal bøye substantivet og eksempel på korleis du kan bruke det.

Det finst mange utgåver av Lexin. Målgruppa er først og fremst innvandrarar og flyktningar. Ordbøkene er illustrerte og enkle å bruke, og Lexin har no fått lyd til alt ordbokinnhald på både bokmål og nynorsk.

Andre nettordbøker
Bokmålsordboka og Nynorskordboka er to andre gode nettordbøker. Desse  fekk for eit par år sidan nytt design. Sjå denne hjelpesida. Det er Språkrådet og Universitetet i Oslo som står bak denne gratisressursen.

Ordbøker i skulen
Skuleelevar vil kunne ha stor nytte av nettordbøker. Det går kjapt å finne svar, og ressursanen vert oppdaterte etter kvart som det kjem rettskrivingsendringar.

Det seier seg sjølv at det er vanskeleg å rette feil i trykte utgåver. Her må det nye ordbøker til, og spørsmålet er om skolane vil prioritere pengar til slikt når det finst gratis, og kanskje betre, ressursar på nettet.

Det triste er at alle førebels ikkje får lov til å bruke dei på eksamen. Men det kan kome ei endring om ikkje lenge. Våren 2012 gjennomfører Utdanningsdirektoratet forsøk der nokre skolar kan få bruke Internett på eksamen. I dette forsøket vil dei mellom anna vere opptekne av at elevane ikkje kommuniserer via nettet eller plagierer andre sine arbeid. Les meir frå og med side 7 i dette dokumentet.

1.8.2012 tek vi i bruk ny rettskriving i nynorsk. Nettordbøkene vert venteleg oppdaterte først. Om skulane i Valdres kjem til å kjøpe nye papirutgåver av ordbøkene, er det nok fleire som lurer på.