Sist oppdatert: 02.08.2012 07:15

Ny nynorskrettskriving

ARNE HEIMESTØL
  1. august vart ny nynorskrettskriving innført. Førebuingsarbeidet har teke 15 år, og Språkrådet kan gle seg over brei støtte til endringane som no er vedtekne.

Her er noko av det som er nytt:

  • Skiljet mellom hovudformer og sideformer er oppheva. Alle former er no jamstilte. Det betyr at det ikkje lenger er noko skilje mellom kva former elevar kan bruke, og kva former som skal brukast i lærebøker. I praksis betyr dette at det elevane lærer i skolen, det kan dei i større grad enn før bruke i skrifleg kommunikasjon i for eksempel arbeidslivet.

  • Bøyingsverket er enklare enn før.

  • Ein del former, både sideformer og hovudformer, er tekne ut av rettskrivinga.

  • Det er framleis rimeleg stor valfridom. Mellom anna kan ein velje om ein vil bruke a-infinitiv eller e-infinitiv.

Oppdatering av nettressursar
Språkrådet har laga eit øvingsrom for offentleg tilsette. Ca. 20. august vil Universitetet i Oslo og Språkrådet leggje ut ny versjon av Nynorskordboka. Dette er gratisressurssar alle kan bruke.

Globalskolen er i gang med oppdatering av sidene om ordklassar. Teorien er snart på plass på verbsidene og sidene om substantiv. Justering og vidareutvikling av interaktive øvingar skal vere på plass på alle ordklassesidene til 1. oktober.

Ny læreplan i norsk
Hausten 2013 skal grunnskolen og vidaregåande skolar ta i bruk oppdaterte læreplanar i norskfaget. Det ser ut til at elevar i norsk skole framleis skal lære å lese og skrive både bokmål og nynorsk. Sjå andreutkast til læreplan frå læreplangruppa.

Overgangsordning
I samråd med Språkrådet har Utdanningsdirektoratet fastsett ei overgangsordning for eksamenane i grunnopplæringa i 2013 og 2014. Til desse eksamenane skal bruk av former frå den gamle rettskrivinga (den som gjeld fram til 1. august 2012) ikkje reknast som feil.

Mållova
Lov om målbruk i offentleg teneste regulerer bruken av bokmål og nynorsk i statstenesta. Her kan du lese meir om kva lova og forskrifta som høyrer til, seier.

Målform
Alle elevar har rett til å få læreverk på den målforma dei ønskjer. Kommunen gjev forskrifter om kva for målform som skal være hovudmål ved den einskilde skole. Frå og med 8. trinn kan elevane sjølv velje kva for skriftleg målform dei skal bruke. Les meir her.

Strid
Ikkje alle er nøgde med den nye nynorskrettskrivinga. Fleire av dei som likar i-målet, er skuffa over at dette er teke ut av rettskrivinga. Nokre av dei som ivrar for større tilnærming til bokmål, vil hevde at reforma ikkje har gått langt nok. Slikt kan det bli krangel av, men no er den nye norma fastsett.

Strid vil det også bli om norskfaget i året som kjem. Nokre vil ha bort eller redusere omfanget på skriftleg sidemålsundervisning. Frimodige ytringar kan ventast både her og der. Til slutt er det Kunnskapsdepartementet som fastset ny læreplan, og den skal skolane altså fylgje frå hausten 2013.