Sist oppdatert: 29.12.2012 21:09

Hjartet stoppa i 16 minutt

ARNE HEIMESTØL
  «GI STØT», sa maskina, og Lars Egil Viken trykte på knappen. Den livlause kroppen gjorde eit rykk, Johannes drog pusten, og så begynte hjartet å slå.

Det er svogeren min det handlar om, og eg vel å skrive om denne saka fordi eg trur vi kan ha noko å lære.

  • Les saka slik "Firda" framstiller ho her.

Eg kjem til å skrive meir om dette temaet. I Hedalen har vi hjartestartarar, men kva skjer når alarmen går? Det er dette som er temaet i det neste oppslaget.