Sist oppdatert: 20.03.2012 17:25

Føre eit jubileumsår  

ELDOR BRÅTHEN

Da eg kikka i e-postkassa mi for nokre dagar sidan, låg der eit spørsmål frå Arne. Han spurde om eg kunne skrive ein kommentar i veke 12.

Med det same eg las meldinga, tenkte eg: - No lyt du ha vett til å seie nei og konsentrere deg om det du har lova å gjera. Du har vel alt gjetta at eg ombestemte meg, og det gjorde eg ganske fort. Eg tenkte som så: – Arne er ein av mange her i bygda som bruker av si tid for å få til noko eg og mange andre har glede og nytte av. Han bed om nokre minutt, og så travelt har du det likevel ikkje.

Neste tanken min, eller kanskje det var den fyrste, gjekk på det med eigenbaten, eller ”egennytten”. Har ein noko å spørje om eller noko å fortelja, er Hedalen.no ein bra kanal. Ein når ikkje alle, slik somme synest å tru, men ein når mange. 

Eg har fått lov å vera med å skrive bok. Hedalen helselag, er 100 år i 2013, og styret har funne ut at dei gjerne vil ha litt av lagshistoria mellom to permar. Det er, som eg alt har antyda, eit samarbeidsprosjekt, og det er eit risikoprosjekt. Helselaget har utnemnd ein komite med dugande og gode hjelparar. Protokollane frå 1913 til no er tekne vare på, ved sida av mykje anna skriftleg materiale.

Samarbeidet er heldigvis godt i gang, men vi treng fleire på laget. Her kan det hende at du kjem inn i biletet. Har du liggjande eitt eller anna som har med helselagshistoria å gjera, eller du hugsar noko, la oss få vita om det.

Eg skreiv ”samarbeidsprosjekt og risikoprosjekt.” Eg er litt ”redd” ein del av dykk, men eg håper den redsla er ugrunna. Eg har budd i Hedalen i vel 40 år no, og eg flytte ikkje veldig langt for å koma hit. Likevel finst her nokre hundretals menneske som har budd her lenger enn eg har, og som dessutan har vakse opp med helselaget og helselagtradisjonen. Viss slike folk teier med det dei veit, og etterpå kjem og seier: - Kvifor tok han ikkje med det? Dette er feil, osv, blir det ikkje morosamt å vera meg. Og det som er enda viktigare: Boka vår blir litt dårlegare enn ho elles kunne ha vorte, og bygda og helselaget fortener ei bra bok.  

Fjernsynet er ein tidstjuv, men no er ”heldigvis” VM i skiskyting unnagjort. Somme folk blir kalla sportsidiotar. Heime hos oss hører ganske nøyaktig 50 % av huslyden med i den gruppa.

100 % tilslutnad får TV2-programmet ”Hver gang vi møtes.” Det programmet har gitt oss svært mange nye og spennande framføringar av songar vi ikkje trudde kunne gjerast annleis og betre. Ein av desse er Anne Grethe Preus si framføring av ”Kanskje kommer kongen.”  

2013 bør bli eit hendingsrikt år. Kyrkja vår fyller 850, og kanskje kommer kongen. Han er invitert, og vi håper inderleg at han har høve til å koma, ein gong til. ”Kanskje kommer ’n ikke, og da blir det mer til oss”, song Knutsen og Ludvigsen, og no Anne Grethe Preus. Det er  feil i vårt tilfelle. Kjem han ikkje, blir det litt mindre festivitas, men hovudpersonane i dette kyrkjejubileet blir sjølvsagt med likevel. Hovudpersonane er du og eg og resten av oss som hører til her i bygda.

Det er vi som eig kyrkja og bruker henne når vi føler for det. Det er vi som er i gang med jubileumstankane, og det er vi som skal feire i lag med anna godtfolk, når den tida kjem. .

Du hugsar bilete og anna som det har vorte spurt etter i samband med kyrkjejubileet? Og så hugsar du på helselaget? 

Ha ein fin dag!