Sist oppdatert: 29.11.2012 17:26

Takk!

VALLBORG MYKLEBUSTHAUG, STYRET I HEDALEN NORMISJON
  Hedalen Normisjon si tradisjonelle julemesse er over, og vi vil takke kvar og ein som møtte fram og støtta oss med kjøp av lodd, varer og kaker!

Takk til alle som kjøpte lodd på førehand, og takk til butikkane for velvilje! Takk også til alle som var med i førebuingsarbeidet og gjorde at vi fekk mange fine ting på salsborda!

Resultatet vart betre enn vi først trudde, ein formidabel rekord, 115 000 kroner. Foreininga har vedteke at pengane skal gå til Normisjon sitt internasjonale arbeid og Acta barn og unge i Oppland.