Sist oppdatert: 16.10.2012 06:23

Nestleiaren i styret kommenterer

ASLAG LAJORD, NESTLEIAR I STYRET FOR IKT VALDRES
  Det er positivt med engasjement for IKT i kommunane. IKT-utviklinga går raskt og inneber store endringar. Som andre mindre kommunar har også vi i Valdres erfart utfordringar med å oppgradere og drifte eigne IKT-løysingar, og dette er ein viktig bakgrunn for at kommunane har samarbeidd om IKT gjennom mange år.

Dette samarbeidet er no formalisert gjennom eit interkommunalt selskap; IKT Valdres IKS, der kommunane eig 1/6 kvar. Artiklane kan gje inntrykk av IKT Valdres som ein utanforståande aktør. Dette er uheldig, både for IKT Valdres og for kommunane og brukarane. Sjølv om IKT Valdres er eit eige selskap, er det like fullt ein del av kommunane - på same måten som skular, barnehagar, sjukeheimar og tekniske avdelingar.

For interkommunale samarbeid kan fordeling av kostnader vera ei stor utfordring. I Valdres har kostnadene gjerne vore fordelte etter folketal. Andre alternativ kan vera med like delar, etter tal på innbyggjarar i ulike aldersgrupper, etter talet på aktuelle brukarar, eller ulike kombinasjonar.

Fordelinga bør heller ikkje vera for komplisert å skjøne og å rekne ut. For IKT Valdres blir kostnadene i hovudsak fordelt etter talet på PC-ar og andre arbeidsstasjonar (tynnklientar), og med lægre "prisar" for skule enn enn for administrasjon.

Men dermed kan denne kostnadsfordelinga også bli brukt til å rekne ut ein "pris" pr. PC/tynnklient o.l, og kostnadene kan til og med sendast vidare til den einskilde avdeling (t.d. skule). For ein skule kan dette bidra til ekstra utfordrande prioriteringar mellom rammetimar, skulemateriell - og kostnader til IKT Valdres.

Dersom dette er tilfelle, bør vi sjå på kostnadsmodellen på ny. IKT er ein del av felles tenester/verktøy for kommunane - tilsvarande andre administrative oppgåver som lønsutbetaling, føring av kommunerekneskapen og personalforvalting. Slike kostnader kan det vera lite tenleg å fakturere vidare - t.d. til den einskilde skule.

Gjennom IKT Valdres er det bygd opp eit verdfullt og godt lokalt/regionalt fagmiljø i Valdres, som eigarane har god nytte av. Eg kan vanskeleg sjå korleis dei seks kommunane kan makte tilsvarande oppgåve kvar for seg.

Kommunane er opptekne av best mogeleg IKT-løysingar innanfor ressursane som står til rådvelde – på same måten som for andre kommunale oppgåver og tenester. Styret er derfor takksame for engasjement og idear som kan gje betre IKT-løysingar. Vi må alltid vera villige til å sjå etter nye og betre måtar å løyse felles utfordringar på, i samarbeid med eigarane våre og til beste for brukarane.