Sist oppdatert:
18.10.2012 05:23 |
Grepa stolt tå IKT?
Å kunne bruke digitale verktøy er, på same vis som å kunne lese, å kunne
rekne og å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg, ei grunnleggjande
ferdigheit i alle fag og på alle trinn i grunnskolen. Kva dette betyr,
er definert under faga i læreplanen.
Digitale eksamenar og nasjonale prøver
på nett høyrer med til skolekvardagen for norske elevar. Så viktig
reknar Utdanningsdirektoratet IKT at det er lagt inn konkrete spørsmål
om temaet i
den årlege elevundersøkinga som vert gjennomført i haust.
Tilbakemeldinga skolane i Sør-Aurdal har gitt på tenestetilbodet det
interkommunnale selskapet IKT Valdres gir, er ikkje lysteleg lesing. Kva
kan gjerast med dette?
For det første synest det å vere ulike oppfatningar om hva skolane
treng. Det er ikkje bra. Digitale tenester og system er i kontinuerleg
utvikling, og her må alle partar fylgje med dersom ein skal kunne nå
måla som er sette i læreplanen. Systema er dessutan så kostbare at ein
nøye må vurdere om løysingane ein vel, tenar måla, er brukarvennlege og
kostnadseffektive.
Nasjonalt senter for IKT i Utdanningen skriv at lærarar og elevar må
kunne forvente at IKT-systema fungerer når dei skal bruke dei.
Det er den einskilde kommune som har ansvaret for at desse systema
fungerer tilfredsstillanda. I Valdres har dei seks kommunane valt å
løyse denne oppgåva i fellesskap gjennom det interkommunale selskapet
IKT Valdres.
Det formelle
ansvaret kommunane har, kan ikkje setjast bort.
-
Sør-Aurdal kommune fortener ros for at dei gjennom den politisk
oppnemnde skolegruppa har teke tak i saka. Vi trur at samarbeid er vegen
å gå og noterer at IKT Valdres har teke kontakt med alle skolane for å
få til møte.
Det er den einskilde lærar som har
ansvaret for å bruke IKT i alle faga ho/han underviser i. Elevane skal bruke både skuletid og
leksetid heime på å
arbeide for å nå alle mål som læreplanen set. Då er hærverk, som IKT
Valdres peikar på, og utanomfagleg aktivitet uønska. Og særleg må dette
gjelde når ein arbeider på dyrt teknisk utstyr i skoletida.
Alt i år kan vi gjennom elevundersøkinga få ein peikepinn på om elevane
våre har fått den undervisninga dei skal ha. Det må sjølvsagt vere eit
mål at vi også kan vere grepa stolt tå Valdres med tanke på at elevane våre lærer å bruke digitale verktøy. |