Sist oppdatert: 02.09.2012 07:42

Flott ressurs som ikkje kan nyttast på eksamen
Ny utgåve av Nynorskordboka

ARNE HEIMESTØL
  Frå 1.8.2012 vart det innført ny nynorsk rettskriving. 21. august blei ny versjon av Nynorskordboka lagd ut på nettet. Dette er ein mykje brukt gratisressurs som Universitetet i Oslo og Språkrådet står bak.

Nynorskordboka har no med bøying for alle ord, også samansetjingar. Alle oppslagsorda er skrivne fullt ut, utan bruk av forkortingar, og det er lagt inn lenkjer til mange definisjonar.

Godt hjelpemiddel
Ordboka er eit svært godt hjelpemiddel for alle som vil skrive nynorsk etter den nye rettskrivinga. Ho er lett å bruke, og ein kan lure på om skolar bør bruke pengar på papirutgåver av ordbøker som etter få år kan vere utdaterte.

Kan innehalde feil
Det kan vere greit å merke seg at den nye ordboka kan innehalde feil. Vi fann eit eksempel på det. Gradbøyinga av adjektivet interessant er i skrivande stund ikkje rett. Språkrådet og Universitetet i Oslo er klar over at det finst nokre få feil, og vil rette desse så snart som råd.

Eksamen
Skulane kan sjølvsagt bruke ordboka, men førebels kan ho ikkje nyttast på eksamen. Dette kan verke noko underleg ettersom IKT-basert eksamen frå og med våren 2012 vart normalordning. Digitale ferdigheiter er dessutan ei grunnleggjande ferdigheit i alle fag.

Til eksamen er alle hjelpemiddel tillatne, med unntak av mellom anna Internett og andre verktøy som gjer det mogleg å kommunisere. Det har vore eit mål å unngå fusk og plagiat.

Seniorrådgjevar Kari Korbøl i Utdanningsdirektoratet opplyser at det vart sett i gang eit avgrensa forsøk med Internett til eksamen våren 2012.
Bakgrunnen for forsøket er at mange læremiddel, ressurssar og relevant informasjon er nettbaserte, og tilgang til Internett er ein føresetnad dersom desse skal kunne brukast på eksamen.

Overgangsordning
I samråd med Språkrådet har Utdanningsdirektoratet fastsett ei overgangsordning for eksamenane i grunnopplæringa i 2013 og 2014. Til desse eksamenane skal bruk av former frå den gamle rettskrivinga (den som galdt fram til 1. august 2012) ikkje reknast som feil.

Lærarar får her ei utfordrande oppgåve. Dei må kunne både gammal og ny rettskriving.