I fjor
vår deltok eg på eit Mindfullness kurs ved Dharma Mountain, der Katarina
Lundblad var kurshaldar. På norsk vert Mindfullness oversatt til oppmerksomt
nærvær og fokuset er pusten, avspenning og kroppsbevisstheit.
Den enkle
teknikken me lærte, går på å heile tida koma tilbake til pusten og kroppen
vår for å vera meir tilstede. Som for eksempel når stresset i kvardagen
trugar med å ta over. Eg sjølv er utdanna sjukepleiar og kjenner til kor
vanskeleg det kan vere å sjonglere med for mange ballar på ei gong. For å
vise meir kva Mindfullness kan vere så har eg snakka med ein annan deltakar
på kurset; Monica G.Å. Hømanberg, om kva dette har gjort for henne i
kvardagen.
"Eg
plukker veldig mykje, men eg er veldig rolig inni meg", smiler Monica
frå andre sida av kjøkkenbordet medan ivrige hender ordnar til kubbelysa før
ho tenner dei.
Monica er
småbarnsmor, har ein mann som er vekependlar og ho er på veg til å starte
eiga bedrift i låven på garden som familiekonstallatør. Før ho deltok på
kurset, visste ho at Mindfullness hadde noko med å bli meir bevisst og
tilstede.
Meir visste ho ikkje, men ho var nysgjerrig og håpte på at dette kunne vere
noko som kunne hjelpe henne med å takle stresset og utfordringane som
kvardagen gav henne. Monica seier at teknikkane ho har lært på
Mindfullnesskurset, har hjelpt henne til å vere meir her og no.
Før gjekk
tankane veldig mykje framover mot alt ho måtte rekke å få gjort. Ho vart
lett stressa og irritert, gløymte ting og hadde mindre tålmodighet. Ho
kjente ofte på tidspress, som når dei to barna hennar skulle nå å ete middag
og gjere lekser før dei skulle ut igjen på fritidsaktivitetar.
Etter kvart som at ho blei meir bevisst og kjente på kor mykje stress dette
skapte, også for ungane sin del; så blei nokon av aktivitetane bytta ut med
ting som ho og ungane kunne gjere i lag. Enkle, fine ting som tur og leik i
skog og mark, gjerne i lag med hunden. Ho kjenner seg no meir tilstede som
mor og føler meir ro og kvalitet over tida ho tilbringer med ungane sine.
Ho merkar
fortare når stresset kjem, og det ho veldig enkelt gjer når ho kjenner det
seier ho, er å stoppe opp med det ho driv med, som om ho tar eit skritt
tilbake. Ho trekker pusten djupt og kjenner etter at ho pustar heilt ned i
magen. Når ho har gjort dette nokon gonger så føler ho at ho kjem tilbake
til seg sjølv, får eit betre overblikk over det som skjer og stiller seg
sjølv spørsmålet: "Kva er viktigast å gjere her og no?". I staden for å
prøve å gjere alt samtidig; som å støvsuge, sette i oppvaskmaskina, hjelpe
ungane med lekser og lage middag, så konsentrerer ho seg om ein ting i
gongen.
"Her i
huset er det slutt på å tenke på andre ting, når eg kuttar grønsaker",
seier ho og ler og fortel om då ho kutta seg
djupt i eine pekefingen, to gonger på kort tid. Ho ser på det som ein enkel
lærdom på kva som kan skje når ho ikkje er tilstede i det ein driv med. Så
med å gjere ein ting i gongen og konsentrere seg om den vert den gjort
grundigare, det kan vere minst like effektivt og det er meir ro over det.
I
prosessen med å starte si eiga bedrift kjenner ho på glede og spenning men
også på utfordringar. Som mange av oss har ho tankar som "vil eg vere god
nok i den jobben, klarer eg verkeleg dette". Når desse tankane kjem hjelper
den enkle teknikken med å ta ho tilbake til her og no, og ho klarer å ha ein
meir åpen holdning til kva framtida måtte bringe.
Monica
seier at ho generelt føler seg meir avslappa, harmonisk, nøgd og har fått
meir tillit. Det er ikkje noko som er gjort over natta, dette tar tid og ein
må øve seg så det kan bli ein del av kvardagen. Det enkle med det er at
kroppen og pusten er noko me har med oss heile tida.
|