Sist oppdatert: 21.12.2013 07:47

Skifter ut 117 vindauge på skolen

ARNE HEIMESTØL
 

Arbeidet med å skifte vindauge på den eldste delen av skolen og barnehagen i Hedalen, er i gang, og vil venteleg vare i to månader.

Tiltaket er ein del av Sør-Aurdal kommune sitt energispareprosjekt, ei EPC-kontrakt, som omfattar energieffektivisering med garantert innsparing. Til saman skifter kommunen ut 360 vindauge og sju dører i fleire kommunale bygg.
 
Kommunen har skrive kontrakt med AF-gruppen om tiltaket, og det er sør-aurdalfirmaa F.G. Bygg AS og Byggmester Ove Gunnar Viken som står for utskiftingsarbeida.

Feil i bestilling
I Hedalen vart arbeida utsette fordi AF-gruppen hadde gjort ein del feil i bestillinga. Mellom anna skal det frå ein del klasserom vere rømningsveg gjennom vindauge. Dette hadde ein sett bort frå. I tillegg har ikkje alle karmane rette mål. Dette gjer at dei anten må høvlast, eller at veggar må forast ut.

Miljøavfall
Dei gamle vindauga inneheld gass som gjer at dei er spesialavfall. I tillegg er det leigd eit firma som skal fjerne asbestplater der slike finst på ytterveggen.

Sparer fyringsutgifter
Alt dette gjer at arbeidet tek lenger tid enn ein først hadde rekna med. Det gode er at vindauga er svært energiøkonomiske, og dei erstattar opptil 55 år gamle vindauge. I tillegg til at mange av dei var slitte og stygge, meiner kommunen å spare 150 000 kr pr år i fyringsutgifter på utskifting av vindauge, opplyser bygningsingeniør Oddleiv Juvkam i Sør-Aurdal kommune.