Sist oppdatert: 19.07.2013 20:42

Katolsk messe i Hedalen

HELGE GUDHEIM
 

I samband med 850-årsjubileet til Hedalen stavkyrkje, blir det sundag 28. juli kl. 17.00 feira katolsk messe i kyrkja.

Messa har kome i stand som ein del av jubileet, og jubileumskomiteen har invitert den katolske menigheita i Valdres, St. Thomas kapelldistrikt, til å koma og å ta del i jubileet. På denne måten blir det også minna om den katolske fortida til kyrkja.

Og det finst ingen andre, lutherske kyrkjer her i landet, der den katolske fortida er så nærværande som nettopp i Hedalen stavkyrkje. Ingen andre lutherske kyrkjer har nemleg så mykje av det katolske utstyret bevara, som Hedalen: Her er ein særs vakker Madonna/Mariafigur, altarskåp og krusifiks, røykjelseskar og ikkje minst det vakre relikvieskrinet – med landets einaste bevara prosesjonsbåre.

Berre restar av nokre få relivkieskrin overlevde reformasjonen, og dei to mest komplette relikvieskrina her i landet er nettopp frå Valdres; St. Thomas-skrinet frå Filefjell og det i Hedalen – og begge desse skrina knyter historia til dagens katolske menigheit i Valdres, som no tel over 300 registrerte medlemmer.

Då den katolske menigheita i Valdres skulle velja sitt helgennamn i 2007, vart St. Thomas av Becket (1118–1170), som var erkebiskop av Canterbury i England, vald – fordi kyrkja på Filefjell var vigd til han. Men også relikvieskrinet i Hedalen er knytt nettopp til Thomas Becket – ei av bildescenene på skrinet syner drapet på Thomas.

Det er den polske presten pater Pawel Wiech SS.CC. som kjem til Hedalen for å feire messa om ettermiddagen 28. juli. Dette er ei vanleg, katolsk messe, som sjølvsagt er open for alle interessserte. Etterpå blir det kyrkjekaffe i Preststuggu, og det er jubileumskomiteen i Hedalen menigheit som inviterer.