Sist oppdatert: 30.07.2013 06:55

Intervju med Helge Gudheim

ARNE HEIMESTØL
 

Helge Gudheim er leiar i soknerådet i St. Thomas kapelldistrikt i Valdres. Etter den katolske messa stilte vi han desse spørsmåla:

Kan du gje nokre fakta om den katolske kyrkjelyden i Valdres?

Det var nokre sporadiske, katolske messer i Valdres på 1990-talet, og den fyrste organiserte, katolske aktiviteten i Valdres sidan reformasjonen, var etableringa av Valdres katolske forum i 2001. Det var eit lag organisert gjennom Norske kirkeakademier. Biskop Bernt Eidsvig oppretta dernest dei seks Valdres-kommunane som kapelldistrikt frå 15. august 2007, då med 61 registrerte medlemmer. Sidan den tid har me hatt litt i overkant av ei messe i månaden.
Våren 2013 passserte det registrerte medlemstalet i Valdres 300 medlemmer, og fyrst på sumaren var den kommunevise fordelinga slik: 107 i Nord-Aurdal, 62 i Øystre Slidre, 57 i Vang, 34 i Vestre Slidre, 24 i Sør-Aurdal og 17 i Etnedal. Kapelldistriktet har med andre ord vorte femdobla på seks år.


Kva betyr det for dykk å kunne bruke stavkyrkja i Hedalen til messe?

Det vekkjer minne om ei svunnen tid – samtidig som Hedalen stavkyrkje er eit levande bevis på at også den lutherske kyrkja i Noreg har ei katolsk fortid, og at den arven som blir vidareførd i dag, byggjer på ein katolsk arv. Moderkyrkja også til lutheranarane er den katolske.

Kva betyr det for dykk å ha fellesskap med andre kristne i Valdres?


Kristent fellesskap er alltid meiningsfylt. Å ha eit godt og nært forhold til andre kyrkjesamfunn er fint, og det styrkjer samarbeidet på tvers av skiljelinjene. Det å verdsetja og å ha respekt for kvarandre, byggjer tillit. Eg synest samarbeidet mellom Den norske og Den katolske kyrkja her i Valdres er særs godt, og me katolikkar får både låne og leige lutherske kyrkjer når me har behov for – og ynskjer det. Og det skjer fleire gonger i året. Men dette handlar ikkje berre om vilje eller ynskje, men også om økonomi, fordi ein del av kyrkjene i Valdres er ganske dyre å leige for andre kyrkjesamfunn. Difor har me ut frå geografi og økonomi hamna på ein driftsmodell der me har Frelsesarmeens lokale på Fagernes som vår hovudbase.

I ein kommentar etter messa sa prost Anne Hilde Øigarden dette:

Mine kristne røter er katolske. Derfor er det fint å kunne delta i ei katolsk messe. Eg ynskjer å arbeide ekumenisk og håper at lutheranarar og katolikkar snart kan ha nattverdsfellesskap med kvarandre i Noreg. I andre land i Europa har et motteke nattverden i katolske kyrkjelydar.

Kva for tankar gjer du deg om det prosten her seier?

Ein rører her ved store og prinsipielle spørsmål, som ein sjølvsagt kan ha private meiningar om, men som eg vel å overlate til folk lengre opp i det katolske hierarkiet å uttale seg om – og eg kjenner ikkje til om det er noko utvikling på gang – i spørsmålet om nattverdsfellesskap. Eg òg er positiv til økumenisk arbeid, samtidig som ein må ha ein grunnleggjande respekt også for dei ulikheiter som finst.