Sist oppdatert: 05.03.2013 17:38

Helse

MIRIAN ØYHUS MIKKELSGÅRD

Helse, kva er det? Det er eit glashus, med syltynne vegger rundt meg, når eg filosoferer over dette temaet. Men, heilt ærleg, kva er helse? Kvifor er nokre menneske meir glade og nøgde med livet enn andre, sjølv om dei har dei same moglegheitene og lever omtrentleg like liv? Kan helse målast på same måte for alle menneske? Nei, det trur eg ikkje. 

Eg har god helse, sjølv om eg et sjokolde til kvardags, sit på rumpa i sofaen timar i strekk, søv for få timar i døgnet, stressar og ikkje trenar 30 minutt om dagen. Kva er helse for meg? Er helse for meg det same som helse for andre? Er mi helse eit reknestykkje av sjokoladeknuppar, minutt med PC-en, økter med knebøy og antall eple? Det er kanskje ein sum av alt det, men i mi verd er det viktigare ting som gjev meg god helse. 

Snø som knitrar kaldt under skia mens små barneauge minner meg om at kvar lita snøstjerne på turen er verd å sjå. Eit augeblikk av boblande latter i magen i det me ser at månen ein dag er knekt i to. Helse er for meg å kjenne at tida strekk til. Seie nei når eg meiner nei. Bli rekna med av vener og få eit smil når eg kjem. Helsa mi trur eg i stor grad kan summerast opp i kor mykje tid eg bruker til ting som gjev meining og saker som gjer meg glad. Helsa mi blir til ved at eg tek vare på dei rundt meg og på meg. 

”Kva er rik?” sa mi eldste dotter i dag. ”Rik er når du har mykje peng…. Tja, eller mykje av noko anna….” sa eg. Erle drog på seg ytterbuksa hoppa opp på beina og konkluderte: ”Eg er rik på venner! Dei har eg mange av. Sant mamma?” 

Helse for meg er å vera liten ein gong i blant. Site i ein armkrok og klare å la golvvask og brødsmular vente. :-)