Sist oppdatert: 09.03.2013 07:02

Folkemøtet om utvikling av Fossvangområdet

TEKST: ELDOR BRÅTHEN
BILETE: ARNE G. PERLESTENBAKKEN
 

Omlag 80 personar var til stades på Begnadalen samfunnshus onsdag kveld da ordførar Kåre Helland ønskte vel møtt til folkemøte om utvikling av Fossvangområdet i Bagn.

 

 

Med bakgrunn i somme avisoppslag opna ordføraren med å seie at vedtak om kva ein vil ha vurdert,  ikkje er det same som vedtak om kva ein vil gjera. Det ein no er i gang med, er høyring, drøfting og innhenting av opplysningar.

 


 

Kommunestyret skal gjera endeleg vedtak 19. september. 17. desember er ein annan viktig dato. Da skal budsjettet bankast.

 

Økonomisk status

Rådmann Erland Odden la fram økonomisk status for Sør-Aurdal kommune nett no og ei vurdering av utsiktene for perioden 2013-2022. Netto driftsresultat for 2012 ligg an til å bli ca. 8 mill. kroner. Det er 4,7 mill.kr. betre enn det ein budsjetterte med, og ein har klart det utan å redusere tilbodet til brukarane.

 

Snuoperasjonen har vore i gang frå og med 2009. Sidan har ein smått og sikkert bygd oppatt disposisjonsfondet slik at det no er på omlag 5,5 % av brutto driftsinntekt. Aller helst bør denne prosenten vera bortimot 15.  

 

Med omsyn til Fossvangområdet sa rådmannen at ein på sett og vis har vel 45 mill. kr. til rådvelde. 9,4 mill. kr er alt løyvd, og 36,2 millionar ligg inne i økonomiplanen for perioden 2013-2016.
 

Når ein skal vurdere framtidsutsiktene for kommunen, har ein visse måltal å halde seg til, og ein har ein del usikre moment. Statsbudsjettet kvart år er eit av desse momenta. Moglege endringar i rentenivået er eit anna.

Lånegjelda bør ikkje overstige 70 % av driftsinntektene.
 

Eit nytt bygg vil alltid føre med seg driftskostnadar. På den andre sida vil ein spare dei utlegga ein no har til vedlikehald og drift av C-blokka. C-blokka skal rivast. Det vedtok kommunestyret våren 2012. Spørsmålet er kor snøgt ein kan unnvere henne.
 

Eit par måltal: Netto driftsresultat skal over tid vera mellom 3-5 %.

Gjelda bør ikkje overstige 70 % av driftsinntektene. Denne ramma reknar ein med å halde seg innanfor i perioden 2013-2022 med det låneopptaket ein no legg opp til.

 

Ordføraren sa at desse tala ikkje har føreset eigedomsskatt. Innfører vi eigedomsskatt, har vi med lågaste skattesats ei årleg meirinntekt på om lag 14 millionar kroner.

 

Planane slik dei er i dag
Avdelingsingeniør Harry Moshagen presenterte framdriftsplanen og viste teikningar som syner korleis bygget, eller evt. bygga, kan plasserast. Kva dei ulike aktivitetane treng av areal, skal konkretiserast og leggjast fram for kommunestyret 30. mai.

 

 

Ungdommar fekk ordet
I kommunestyremøtet 14. februar vart det samrøystes vedteke at ei gruppe ungdomar innleiingsvis, og som ein del av møteprogrammet, skulle få høve til å kome med innspel.
 

Framlegget kom frå Marianne Veglingsrud, og ho kalla fram Ida Blåfjelldal,

Morten Thorsrud Bragerhaug og Henning Østgård Dokken.

 

Ida Blåfjelldal innleidde med ei oppmoding om å tenke heilheitleg og langsiktig. Folk spør etter fleire trimaktivitetar enn ski og fotball, og presset på dei lokala ein har no er stort. 76 personar har treningskort i fysioterapisalen i Bagn. Mange reiser til Fagernes. Ho sa også at om ein blir lova ein real fleirbrukshall med mange tilbod for ulike grupper, vil det vekkje dugnadsånda meir hjå folk.

 

Som sjukepleiar ønskte ho sterkt eit oppvarma basseng. – Det er dyrt å drifte, sa ho, -men her bør det vera råd å få til eit samarbeid med private og med nabokommunane. I dag lyt folk som treng eit slikt tilbod, reise til Hønefoss eller Beitostølen.

 

Morten Bragerhaug og Henning Østgård Dokken var og opptekne av eit meir allsidig trim-og idrettstilbod. Dei etterlyste spesielt betre moglegheiter for turn og styrketrening. Morten nemnde idrettshallen på Elverum der ein har funne fram til ei god løysing når det gjeld plassering av trampoline.

 

Bygdeutvalet i Begnadalen hadde ordna med kaffe og rikeleg med bakst.

 

Høyringsinstansar
Andre økta byrja med at Harry Moshagen fortalde at saka er sendt til følgjande høyringsinstansar:

Skolane og barnehagane v/tenesteleiarane.

Kulturlivet v/rådgjevar.

Idrettsrådet, musikkrådet og Bagn idrettslag v/leiarane. (Vi legg til at Bagn il. er grunneigar, og  har ei sentral rolle i diskusjonen om kor ein skal byggje. )

 

Ein forventar at dei som no er tilskrevne, hentar inn og samordnar uttale frå kvar sine område. Svarfristen ser sett til 19.april. Da kan kommunestyret ta med det som er innkome til møte mai. Moshagen kunne elles opplyse at fire representar for Sør-Aurdal kommune skal inn til Kulturdepartementet f.k. måndag. Der vil ein leggje fram saka så langt ein er komen til no og få opplysningar om krav og tilskotsordningar.

 

Innspel frå andre frammøtte
Anne Margrethe Wilther var fyrst ute av «folket». – Det vil verta fleire eldre og større utgifter til eldreomsorg, sa ho. -Har kommunen teke høgde for dette og andre utgifter ein veit vil koma?
 

Rådmannen svara at ein har teke omsyn så langt ein har oversikt, men det finst alltid usikre moment. Ordføraren viste til statistikk som syner at Sør-Aurdal passerte eldretoppen i 2011. Ein ny topp vil ikkje koma før i 2023. Kommunen har betra eldreomsorga. No kan det vera riktig å betra tilbod som primært er retta mot andre grupper.

 

Arne Heimestøl minte om at kommunen var i økonomisk uføre for få år sidan og ville ikkje vera med på å friskmelde kommuneøkonomien. Vi bør prioritere lovpålagte oppgåver, sa han og etterlyste ei samla behovsanalyse. Vi manglar penger til vedlikehald av kommunale bygningar og vegar, og vi yter alt for lite til etterutdanning av tilsette.
 

Frå Bagn til idrettshallane i Etnedal og på Leira tek det 15-20 minutt å køyre. For få år sidan meinte mange at skolelevane i Hedalen burde sitja på buss adskillig lengre tid kvar dag.

 

Ordførar Helland viste til undersøkingar som er gjorde mellom brukarar og tilsette. Sør-Aurdal kommune kjem ikkje dårleg ut om vi samanliknar oss med andre, sa ordføraren og meinte folk kunne ha tillit til dei folkevalde.
– Det er ei viktig oppgåve for oss å leggje til rette for aktivitet.

 

Svein Erik Wold sa at det er stort behov for eit nytt bygg. Han meinte eitt bygg ville vera  meir tenleg enn fleire spreidde, men ville gjerne ha ei anna plassering enn den Moshagen la opp til. På ein annan stad vert det lettare å utnytte det varmeanlegget ein har i området, og   ein kan spare driftsutgifter. Roar Nerli meinte og at eitt bygg må vera det beste.

 

Morten Belika Johansen – anleggsansvarleg i Bagn il – var godt nøgd med dei planane som no ligg føre, sjølv om han meinte ein hall på 25x45 meter snøgt vil verta for liten. Ein slik hall vil gje den plassen vi treng no, sa han, men han gjev ikkje plass til nye aktivitetar og fleire brukarar. Vi kan leie plass i Etnedal. Problemet er at der er det fullt.

 

Ørnulf Dyve sa seg sterkt interessert i både musikk og idrett. – Det eg ønskjer, er ein skikkeleg idrettshal med eit kulturbygg i tillegg, sa han. – No arbeider nokon med å få Mikkjel Fønhus fram i lyset. Tenk om vi kunne få rom til ei skikkeleg Fønhus-framsyning.

 

Magne Ruud la til grunn ein kvadratmeterpris på 25 000 kroner. 5 000 kvm. vil da koste 125 mill.kr., sa han, ikkje langt under det halve, slik vi no blir fortald. Han frykta gjeldsopphoping, og peikte på at kommunen har eit alvorleg etterslep når det gjeld vedlikehald.

 

Rådmannen svara at etterslep er noko ein veit om, og ein er i gang med vedlikehaldsplan. Ordføraren peikte på at kommunen i seinare år er brukt meir til vedlikehald enn det som har vore budsjettert. - 125 millionar i byggjekostnad er ei sterk overdriving. Ikkje alle kvadratmetrane er like dyre, og det ein her legg til grunn, er det absolutt dyraste. Det vert ikkje aktuelt å oppfylle alle ønskje, og dei ønskja vi no kjenner til, ligg på 50-60 millionar.

 

Rasmus Piltingsrud etterlyste tal for tippemidlar og momsrefusjon.

Kåre Helland nemnde at sitjande regjering har betra tilskotsordningane til kulturlivet ganske vesentleg.

 

Oddvar Fremgård gjekk sterkt i rette med redaktøren i Hedalen.no. – Du talar om folk som vil gje gass heilt ukontrollert, sa han ,- og  det er tydeleg at det er meg du siktar til. Javel, eg meiner det går for tregt, men skuldingar om dårleg kontroll godtek eg ikkje. Du dreg fram at eg vil fjerne eigedomsskatten på Bagn. Det utgjer 200 000 kroner i året, men du «gløymer» å nemne at eg har peika på andre inntektsmoglegheiter.

 

Olav Kristian Huseby sa det no er viktig og tenkje på tilbod ein ikkje har. Det var Marit Hougsrud inne på. Huseby var overraska over at mange tala om utgiftene til idrettshall medan få prata om symjehallen.-  Det er den som  kostar pengar, sa han.
 

Det fekk Liv Barbro Veimodet til å replisere: - Eg ønskjer meg eit 25 metersbasseng. Da slepp ein å snu så ofte om ein t.d. vil symje ein tusenmeter.

 

Magne Damslora ba folk koma med sin ønskje. –Tek de for hardt i, skal vi grei å «skava tå»,sa han.
 

Varaordførar Svein Bakke kunne fortelja at ein no vil freiste å lære av det ein har gjort andre stader, og ordføraren såg fram til å byrja som turoperatør.

 

Torstein Øyhus sa at når ein pratar om ein hall som kan ta 150-200 publikummarar, er det altfor snaut.-  Revyane til Bagn il dreg mykje over det dobbelte, sa han.-  Vi må gjera det som må til for å gjera kommunen vår meir attraktiv. Hallen i Etnedal er full, og på Leira er det heller ikkje plass.

 

Oddvin Sørbøen bur på ein plass der vedlikehald av vegar er forsømt. – Det er godt vi har folk som Arne Heimestøl og Magne Ruud til å kome med kritiske spørsmål, sa han. Han oppfordra  folk til å besøke Etnedalshallen, gjerne i lag med ungane sine. – Der har dei fått til mange kvadratmeter for eit overkomeleg utlegg.
 

Med tanke på pengar kom han inn på korleis dei er fordelte. Det er slik at kommunane manglar pengar medan dei aller fleste av oss privatpersonar, har god råd, sa han.

 

Arne Heimestøl peikte på ting ein har fått til i søre delen av kommunen takk vera gåver og dugnad. Han nemnde Hedalsheimen og gjenopning av helsestasjonen på Begnadalen. Hedalen musikkorps har flytta øvingane sine til Nordre Lokalet fordi gymnastikksalen er oppteken det meste av tida. Hedalen ungdomslag er ferd med å pusse opp forsamlingshuset sitt og har, ved sida av dugnadsinnsats, samla inn nærare 200 000 kroner til det føremålet på kort tid.

 

Oddny Strandbråten sa at vi no skal byggje hall for heile Sør-Aurdal, ikkje berre for Bagn. Også for dei som bur sør i dalen er det kortare til Bagn enn til Leira.

 

Oddvar Freemgård peika på at Bagn skule er for liten. – Vi treng eit fleirbrukshus, sa han, og det behovet skolen har, er det essensielle.

 

Arne Leite sa at vi no står ved ei vegskille. Kvar og ein av oss, har eit ansvar, sa han, og vi bør tenkje framover. Helse og førebygging er viktig. Han roste ungdommane som hadde hatt ordet  før pausa og peikt på nett dette momentet.

 

Jørn Damslora likte ikkje at formannskapet skal vera byggekomite. Den gruppa er alt for einsarta , sa han, og dei er vore for sjeldan på trampolina.

Ordføraren svara at Jørn sjølv har funne ut at kommunen har om lag 80 lag og foreiningar. – Vi kan ikkje dra med alle desse i planleggjinga. Kven skal vi la vera å ta med?
 

Svein Granli sa at ganske mange er involverte. – Ulike leirar har fått saka tilsend, og vi må gå ut frå at dei engasjerar folk innafor sine sektorar.

 

Oddvar Fremgard meinte formannskapet var meir sportsleg aktive enn folk ville ha det til. Sjølv hadde han vore med på parallellslalom i Reinli. - To av sju frå formannskapet stilte opp, sa han. – Det er ikkje så gale.

 

Svein Bakke vedgjekk at han ikkje er heilt ung lenger. – Det tek til å bli 20-25 år sidan eg leia barneidrett. Plassproblem kjente vi til alt den gongen.

 

Ordførar Kåre Helland avrunda møtet ved halvtitida.- Eg tenkte som så før møtet, sa ordføraren, at kjem det meir enn 50, er interessa såpass stor at vi bør vurdere eit møte til.  Her er det atskillig fleire, så det spørst om vi ikkje bør samlast att. Truleg vert det tidleg i mai månad.