Ny
regjering – meir makt til innbyggjarane!
HANNE BLÅFJELLDAL
Vi får
snart ny regjering i Noreg. For meg, som var aktiv
Framstegspartipolitikar frå 2001 til mai i år, er dette ei historisk
hending. Sjølv om eg sjølvsagt skal innrømme at det er litt rart å sjå
alt frå sidelina når det endeleg skjer. Eg følgjer likevel med i
spenning, og eg frydar meg over at det no ser ut til at det skal skje
endringar i Noreg. Som liberalist håper eg at vi dei neste fire åra skal
gå nokre steg i retning av at det offentlege skal styre mindre, og dei
private skal få styre meir.
Måndag
kom regjeringserklæringa. Erklæringa er ambisiøs, men lovande for oss
som trur på mindre offentleg styring og meir fridom til
enkeltmenneska.
Mykje av
innhaldet i regjeringserklæringa er sjølvsagt blitt latterleggjort av
politiske motstandarar og kommentarar. Når Siv og Erna kunngjer at dei
skal fjerne forbod mot Segway, at dei skal gjere det lettare for
kommunane å gje løyve til skuterkøyring, at det skal bli mogleg å handle
på polet nyttårsaftan, og at dei ønskjer å gje løyve til proffboksing i
Noreg, då kjem dei hånlege kommentarane. "No ventar vi berre på at
forbodet mot lakrispiper skal bli oppheva", og "Det er bra den nye
regjeringa er oppteken av dei viktige sakane i samfunnet". Lettare
ironisk og harselerande, sjølvsagt.
Eg
tykkjer å oppheve ei rekkje forbod er viktige saker. Viktig fordi det
seier noko om kva for politikk som har styrt landet tidlegare. Faktisk
var forbodsline og formyndarstat grunnen til at eg tok valet og meldte
meg inn i Fremskrittspartiets Ungdom (FpU) som 17-åring.
For meg
handlar oppheving av tullete forbod om at vi ønskjer å gje
enkeltmenneska større fridom til å styre eigne liv. Det handlar om at
politikarar ikkje skal legge seg opp i alt mogleg rart, og det handlar
om tillit til at folk klarar å ta rasjonelle avgjerder på vegne av seg
sjølv. Det tullete er jo ikkje oppheving av desse forboda, men at det
faktisk har vore forbod mot slike ting tidlegare. Det må difor vere
mogleg å oppheve forbod utan å bli latterleggjort for det.
Dei
områda i regjeringserklæringa eg er mest nøgd med, er innanfor den
økonomiske politikken, og eg har store forventingar til skatte- og
avgiftspolitikken. Den økonomiske politikken er jo hovudgrunnen til at
eg er på høgresida i norsk politikk og ikkje venstresida. Eg trur det
er enkeltmenneske som er best i stand til å ta vare på eigne pengar. Eg
trur enkeltmennesket klarar å ta meir rasjonelle avgjerder om korleis
pengane skal brukast enn det politikarane klarar å gjere. Difor er eg
glad for lovnad om å senke skatten for lønsmottakarar, nedtrapping av
formueskatten og fjerning av arveavgifta.
Det er
tullete at du ikkje kan handle varer på utlandet utan at du blir pålagt
å betale toll viss bestillinga er over 200 kroner. Vi lever i 2013 og
folk handlar både klede, mat og bøker frå utlandet. Den nye regjeringa
lover at grensa skal opp, og den bør opp til i alle fall eit par tusen
kroner.
Det skal
også bli meir frihandel generelt. Å opne opp grensene våre meir er noko
av det beste vi kan gjere for resten av verda. Frihandel er etter mi
meining også den beste form for utviklingshjelp. Vi kan ikkje nekte å
handle med resten av verda fordi vi ønskjer å verne om eigen produksjon.
Det er ein politikk som både er egoistisk og ineffektiv. Frihandel er
solidarisk og lønnsam - alle tener på frihandel.
Det
vanskelegaste å gjennomføre i regjeringserklæringa, trur eg blir
avbyråkratisering. Anten det er prat om å fjerne skjema, gjennomføre ein
kommunereform eller avbyråkratisere departementsstruktur, trur eg dette
blir krevjande. Eg misunner ikkje dei som blir sett til å gjennomføre
det.
Det er
lettare å seie at ein skal kutte i skjemaveldet, enn å peke på kva for
skjema ein ønskjer å fjerne. Det er lettare å seie at ein ønskjer å
redusere talet på kommunar, enn å seie kva for kommunar som skal vekk.
Det er lettare å seie at ein ønskjer å avbyråkratisere enn å seie kva
for byråkratar som skal vekk.
Det er
lettare å tilsette ein person enn å avslutte arbeidsforholdet med
vedkommande. Det er også lettare å innføre ein ny lovfesta rett enn å
fjerne ein lovfesta rett.
Skal vi
klare å redusere offentlege utgifter, så må vi kvitte oss med offentlege
stillingar. Eller vi må redusere velferdsnivået ved til dømes å gjere
noko med sjukelønsordninga. Så lett, men så vanskeleg.
Og det
er akkurat her eg meiner at både dei vanskelegaste og dei viktigaste
oppgåvene til den nye regjeringa ligg. Vi må våge å kutte i offentlege
utgifter framover. Offentleg sektor i Noreg er altfor stor. Vi har hatt
råd til det, men vi vil ikkje ha råd til det i tida framover.
Den nye
regjeringa ønskjer ikkje å gjere noko med sjukeløn eller redusere nivået
på andre overføringar. Då må vi redusere talet på tilsette. Skal vi
avbyråkratisere, treng vi færre tilsette i offentleg sektor. Nokon må
våge å gjere noko med dette. Fordi det er naudsynt. Det kjem til å bli
bråk, men det er framleis naudsynt.
Eg håper
vi får ei regjering som ikkje er redd for å gjere seg upopulær hjå
enkelte. Eg håper vi får ei regjering som tenkjer meir på framtida i
Noreg enn på å bli attvald om fire år. Eg håper vi får ei regjering som
tør å kutte i offentlege utgifter. Eg håper vi får ei regjering som tør
å redusere talet på kommunar i Noreg. Eg håper vi får ei regjering som
tør å seie at vi brukar for mykje pengar i Noreg, og som ønskjer å
fjerne rettar og overføringar framfor å finne på nye.
Eg er ikkje hundre prosent overtydd om at denne
regjeringa kjem til å vere så tøffe. Men eg er fullstendig overtydd om
at ho kjem til å gjere eit betre forsøk enn den førre regjeringa vi
hadde. |