Sist oppdatert: 14.10.2013 19:35

Livat konsert på Lokalet

TEKST: ELDOR BRÅTHEN
BILDER: ARNE G. PERLESTENBAKKEN
  Lørdags eftan var eg på Lokalet og hørte på «Kurve- eit vokalensemble frå Valdres».

«Kurve» lear på seg medan dei syng. Ikkje at det ville ha passa meg noko særleg den tida eg var med i sangkor, men det var morosamt å sjå på dei. Morosamt såg dei ut til å ha det sjølve og. I tillegg song dei bra, veldig bra, så langt som eg kan begripe.

Repertoaret var variert, stort sett moderne, og absolutt utan daudpunkt i framføringa.  Geitebonden Ola Glomstulen går framleis  i giftetankar,  men ensemblet handsama han Ola og geita annleis enn eg var van med. Einav karane  song : -Den finaste eg veit, minst like bra som han hallingen i Hellbillies, og sjefen sjølv, han Gudbrand Heiene, var grepa bra solist i « Paradise.»  Det var det eg ville trekke fram, utanom «Grevling i taket». Knallbra og livat framføring for øyre og auge!

«Kurve» har vore i Hedalen før, men dette var fyrste gongen eg hadde høve til å høre dei.  Kjem dei att, og det høver slik, tek eg ein tur på Lokalet da og. Det bør du og gjera!