Ta
regi eller bli styrt?
Det er solid politisk fleirtal for å
vurdere kommunestrukturen i landet vårt. Fleire ville også sjå på
fylkeskommunen sine oppgåver, og nokre tek til orde for å endre
organiseringa av helsetenestene. Dette betyr at vi om få år kan ha ei
endra organisering av ein stor del av det offentlege tenestetilbodet.
Spørmålet er om vi då skal late oss styre, eller om vi vil vere med på å
påverke utviklinga.
For få år sidan sa fem av seks
Valdres-kommunar nei til kommunesamanslåing. Berre Nord-Aurdal sa ja.
Etter den tid har det interkommunale samarbeidet utvikla seg ein god
del, og i haust har arbeidet med å byggje Valdres Lokalmedisinske Senter starta. Frå før har vi mellom anna samarbeid om renovasjon, pp-tenester og IKT-tenester. Felles for mykje vi samarbeider om, er at
seks kommunestyre må bli einige. Det spørst om ei slik organisering legg
meir til rette for tenester som kan leve sitt eige liv enn at dei er
under politisk kontroll og styring.
Kommunen er til for innbyggjarane og skal
syte for tenester at høg kvalitet. Større einingar kan gje betre
tenester, men treng ikkje å gjere det. Spørsmålet er vel helst korleis
ei samanslåing vert gjennomført og korleis politikarar og tilsette
steller seg i ein ny kommune. At tenestene er det viktigaste, har vi
sett at vi ikkje har nokon garanti for i eigen kommune. Då driftstilpasningsprosesen vart gjennomført, var eitt av dei første
tiltaka vedtaket om stillingsvern for dei tilsette. Følgjene av det
kjenner vi.
Nokre av tenestene må vere i rimeleg nærleik av der brukaren bur. Dette
gjeld til dømes skule, barnehage og fleire helsetenester. Dagleg bruk av
tenestene aukar behovet for nærleik til dei. Tenester vi sjeldan nyttar,
kan vi nå via nett, telefon eller ved personleg frammøte.
Ein viktig del av tenestetilboda er knytte
til helse. Legekontora i Bagn og Nes bør kunne halde fram som i dag. Dei
som bur nær fylkesgrensa til Buskerud, vil ha eit interessefellesskap
med Ringerike og bør kunne ha rett til legevakt i denne kommunen og
sjukehustilbod i Buskerud også. Det er brukaren sine interesser som bør
stå i sentrum, og ingen tenesteytarar bør oppføre seg som om dei eig den
som treng offentlege tenester.
I Valdres vil alle
kommunar som stemde mot kommunesammanslåing sist, ha levande bygder som
mål. Ingen vil vere med på ein politikk som fører til avfolking av
utkantane.
Utbygginga av E16 gjennom Valdres legg til rette for større samhandling
i dalføret. Eit nytt kommunesenter kan dei som bur lengst unna, i
framtida nå med vel ein times køyring. For oss som bur i Hedalen, vil
reisetida til kommunesenteret auke med om lag 20 minutt.
Det vil neppe gå lang
tid før spørsmåla vi her tek opp, kjem med full tyngde i Valdres. Dei
seks Valdres-kommunane har vist at dei kan samarbeide om mykje. Vil vi
vere tente med å vere pilot-region for det styresmaktene tek til orde
for? |