Sist oppdatert: 18.09.2013 13:48

Utskifting av vindauge på kommunale bygg hausten 2013

ODDLEIV JUVKAM, BYGNINGSINGENIØR I SØR-AURDAL KOMMUNE
 

Sør-Aurdal kommune driv med gjennomføring av eit omfattande energispareprosjekt, ei såkalla EPC-kontrakt, som omfattar energieffektivisering med garantert innsparing.

 

Det er AF-gruppen Sør-Aurdal har kontrakt med. I denne avtala inngår m.a. utskifting av svært mange vindauge i kommunale bygg, 360 stk., i tillegg til 7 dører.

 

Dette gjeld Bagn Skule med 69 vindauge, Sør-Aurdalsheimen, 99 vindauge, Begnadalen skole og samfunnshus, 48 vindauge, Hedalen skole og barnehage, 112 vindauge, Reinli barnehage 11 vindauge og Tingvoll 21 vindauge. 

 

Vindauga i Reinli og på Tingvoll har kommunen planlagt å skifte i eigen regi. Kommunen valde å lyse ut arbeidet med utskifting av vindauga separat og samla, med håp om at dette vart best og rimelegast. Prosessen med å bestemme kva for vindauge som skulle skiftast ut, og kva for spesifikasjonar vindauga skulle ha, tok såpass lang tid at vi fekk ikkje svar på anbodet før 10. juli.

 

Det var sør-aurdalfirmaa F.G. Bygg AS og Byggmester Ove Gunnar Viken som saman fekk anbodet, og det er fire mann som vil gjera arbeidet. Dei starta arbeidet på Bagn skule veke 35. Etter framdriftsplanen skal dei vera ferdig der, og starte på Sør-Aurdalsheimen veke 41, ca. 7. oktober. Der går det ca. ein månad, så då vil dei starte på Begnadalen skole i starten av november.

 

Arbeidet på Hedalen skole og barnehage vil pågå i desember og fyrste halvdel av januar.

 

Til Hedalen er det kome ein del vindauge med feil spesifikasjonar, det vil seie at det er for mange av vindauga som ikkje er til å opne. Korrekte vindauge må bestillast og produserast fyrst. Dette er grunnen til at vi vel å ta denne skulen til slutt. Før arbeidet der kjem i gang, reknar vi med at vi har fått tak i dei korrekte vindauga.

 

Kostnadene med denne utskiftinga av vindauge og dører er på vel 3,2 mill, der ca. 1,5 mill er kostnaden for vindauga. Dette er svært energiøkonomiske 3-lags vindauge som erstattar opptil 55 år gamle vindauge. I tillegg til at mange av dei var slitte og stygge, meiner kommunen å spare 150 000 kr pr år i fyringsutgifter på utskifting av vindauge.