Sist oppdatert: 21.09.2013 22:54

Trafikksikkerhetsplan for Hedalen

ODDLEIV JUVKAM, BYGNINGSINGENIØR I SØR-AURDAL KOMMUNE
 

For å få sikrare forhold for ungar og mjuke trafikantar, og generelt utbetre trafikkforholda ved Hedalen skole og barnehage, har det vore arbeidd med ein trafikksikkerheitsplan for området i fleire år.

Konkret går denne planen ut på å opparbeide ein ny parkeringsplass nord for Hedalsheimen, bygge ny gang- og sykkelveg/fortau frå parkeringsplassen til skulen og bygge ny bussoppstillingsplass.

Kommunen hadde von om å gjennomføre denne planen i løpet av 2013, men av kapasitetsmessige hensyn på planavdelinga har det vist seg vanskeleg. Vi reknar med at vi kan lyse ut arbeidet på anbod i løpet av vinteren/våren, og at vi får fullført bygginga i løpet av sommaren 2014.