|
Matt 26,17-30
Kjære menighet
I
kveld er det skjærtorsdag, og kristne over heile verda samlar seg for å
minnast den siste kvelden Jesus var saman med disiplane sine. Kvelden då han
gav påskemåltidet ei ny meining og på den måten markerte både samanheng og
brot med den jødiske trua.
Det Jesus og displane møttest for å feire denne kvelden er det jødiske
påskemåltidet. Eit ritualisert, religiøst måltid som gjemmom rettane som
blir serverte og bibeltekstane som blir lesne, minner jødane på korleis Gud
frelste dei ut av slaveriet i Egypt.
Og det er noko jordnært med den frelsa som jødane feirar denne kvelden. Det
handlar om fridom frå slaveriet i Egypt. Undertrykte over heile verda kan
kjenne seg igjen i lengsla etter ein gud som frelser på den måten. Ikkje i
det hinsidige, men frå lenker og slavekår her og no. Ein gud som handlar i
verda. Dette feira dei den gongen i eit romersk-okkupert Jerusalem. Gud
hadde redda dei ut av Egypt. Ville Gud reinse Jerusalem for den nye
okkupenten? Farao eller keisar- heidningekongar var dei begge, og begge
hadde undertrykt Guds folk. Ville Gud handle endå ein gong og frelse sitt
folk frå lenker? Ville Gud handle i verda eindå ein gong?
Ein Gud som handlar i verda. Det er nett det han er, Jesus, der han står
mitt mellom dei og bryt brødet og skjenkjer vin. Han er gudemennesket som
talar Guds ord midt i vår menneskeverd. Han er gudemennesket på veg til
Golgata for bryte dødslenkene, syndelenkene, hat-og hevnlenkene. Ved help av
naglar som skal drivast gjennom han, eit spyd som skal spidde han, smerter
liding og død. Eigentleg ikkje heilt unikt. Slikt har skjedd andre både før
og seinare, men aldri med Gud. Og no står han her som Gud, som handlar i
verda. Og han fortel dei at Gud, som handlar i verda, han kan la brød og vin
bli til frelsesmiddel.
For på same måten som jødane sitt påskemåltid minna jødane på den gongen Gud
frelste dei ut av Egypt, slik kan også nattverdsmåltidet minne oss om påska-
og dermed også om dramaet som utspelte seg i Jerusalem desse dagane. Men
samstundes er nattverden meir enn ei påminning om kva som skjedde den gongen
då. Nattverden handlar ikkje berre om det som har skjedd, men om det som
skjer kvar gong vi feirar nattverd saman, nemleg at Jesus er tilstades i
brød og vin. For i dette tek vi Jesus heilt på alvor. Det er bokstaveleg
talt slik: Dette er min kropp. Dette er mitt blod. Vi ser at det smakar,
luktar, har konsistens som vin og brød, men vi trur det er noko anna. Noko
meir enn det vi kan sjå. Det er Gud som handlar i verds. Det ikkje slik at
vi berre minnest frelsa, men vi blir frelste. Vi et oss til himmels! Vi kan
drikke nåde. På ein veldig fysisk og konkret måte blir vin og brød til Gud i
oss.
Men kor jordnær er den frelsa vi feirer når vi samlast rundt eit
nattverdbord? Mens jødane feira fridom frå slavelenker i Egypt, kva feirar
vi? Har vi likevel flytta frelsa over i det hinsidige og bort frå vår verd?
Ikkje noko som kan erfarast her på denne sida av æva? Medan jødane kunne
feire ein fridom som var til å forstå for levande menneske, kva er det vi
feirar?
Kva er nattverden dersom vi berre brukar den til religiøs pynt? Som ei
religiøs rite eller ein sugesjon som kun peikar fram mot himmelen? Kva betyr
det å knele ned ved Herrens bord dersom vårt bøygde hovud gjer oss blinde
for menneske i lenker eller for at synda er ein del av vårt eige liv? Bodet
med brød og vin er sjølve frelsesstaden og der blir vi fridde frå all synd
og skuld. Men kva er vi då frie til?
Dette året feirar vi at det er 200 år sidan grunnlova vår vart skriven. Den
norske Kyrkja har valt dette mottoet for jubileet: «Fri til å tale, tru og
tene» Eg syns det på ein god måte kan oppsummere kva vår kristne fridom er,
også lenge etter at grunnlovsjubileet er over.
Vi er frie til å tala om krossen, oppstoda og trua. Ein kvar kristen kan
tala om det, ikkje berre prestar eller kyrkjeleg tilsette. Einkvar som har
vokse litt i dåpstrua si er frie til å sette ord på si kristne tru. Og vi er
frie til å tale mot urettferd, undertrykking, krenking, enten dei skjer i
vår kyrkjelyd, i vår bygd, i vårt land eller ute i den store verda.
Nattverdsmåltidet kallar meg og alle til å sjå oss som ein del av eit
fellesskap, som ei heilheit, som ein del av Guds folk.
Vi er frie til å tru at vi er frelst. Gud har sett oss fri frå lova sine
plikter, gjengjeldslogikken, frå tanken om ein gud som ser meg lida for mine
eigne synder. Men då er vi også frie til å tru på ein gud som handlar i
verda. Tru på tilgjeving, forsoning og kjærleik. Tru på ein nye måte å leva
på som kyrkje, som menneske og som samfunn. Nattverdsmåltidet gjev meg
tilgjeving, og det kallar meg til å tilgje.
Og vi er frie til å tene. Han som byrja nattverdsfesten med å knele ned og
vaske føtene til disiplane, viste oss ein Gud som var villig til å bli
menneske. Han kallar oss til å knele ned hjå sjule og utslegne, til å gå til
utstøytte og forletne, til å gå til dei sm fell utanfor felleskapet. Utanfor
mediebildet. Ut av familien sin. Ut av vennekrins og fellesskap. Han som
gjekkk til samaritanarar, tollarar, prostituerte, han kallar oss til å ikkje
vere så sabla kresne, men sjå mennesket bak det som har gått sund, sjå bak
harde masker, bak øydelagde liv, bak tåret, bak feil, bak stank, bak det
ubehagelege.
Han kallar oss til å tene. Bære brød til dei fattige og bruke svoltlenkene.
Bære vin til dei tørste og fukte strupen til dei som tørstar etter nåde,
rettferd og frelse.
Vi kjenner orda: Kom, for alt er ferdig. Kom til sjølve nådestaden og hent
kraft. For etterpå skal vi ut i verda og tene. For det er menneske som treng
våre gjerningar- ikkje Gud.
Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage Ande, som var, er og vera skal ein
sann Gud, frå æva og til æva. Amen. |