Sist oppdatert: 15.12.2014 18:28

Romjulsfest for unge frå Sør-Aurdal

  ESPEN BLÅFJELLDAL
Med hjelp av støtte frå Sør-Aurdal kommune har me den glede av å arrangere ein heidundrande fest for deg som er ung i Sør-Aurdal.  Festen blir halden 26. desember på Valdres Mathus i Bagn. Me set maks grense på rundt 30 år fram til 15. desember, og opnar opp for øvrig ungdom etter dette.

Arrangementet er tenkt som ein årleg treffstad for unge i kommunen, med tilknytning til kommunen, som vil flytte til kommunen og som vil lære meir om kommunen.

I år er dette arrangert av bolystprosjektet til Bagn IL og Espen Blåfjelldal arbeider fram arrangementet etter instruks frå festkomiteen som er sett saman av ungdom frå heile kommunen. Neste år ynskjer ein å legge arrangementet til ei anna grend, og flytte dette litt rundt for å få mest mogleg utbytte.

Arrangementet har inspirasjon frå romjulstreffen i Vang, der det i fjor var 184 personar som deltok. I Sør-Aurdal har me i år 70 plassar, så det er førstemann til mølla.

Me startar med vorspiel med veldig hyggelege prisar fram til kl. 21, fortset med tapas, quiz, og festen endar ut i dei seine nattetimar. Arrangementet kostar kroner 100 per person, og inkluderer velkomstdrink, tapas, underholdning/musikk og deltaking på den gladaste happeningen i jula.

Prisen er den samme for heile kommunen, og det det er inkludert buss i billetten når du kjem frå Hedalen, Begnadalen og Hølera. Du kan melde deg på ved å klikke her.

kl. 19.00 oppstart
kl. 20.00 Tapas
kl. 22. Quiz
kl. 01.00 avslutning
kl. 01.30 heimreise

Frå romjulstreffet i Vang i 2013


12. året: Romjulstreffet i Vang for dei i aldersgruppa mellom 19 - 30 år samla i år 184 deltakarar. Foto: Hallgrim Rogn


Sosialt: Knut Lerhol hadde lurt med seg Kristin Venås frå Hemsedal
som følgje på årets treff i Vang. Foto: Hallgrim Rogn