Sist oppdatert: 18.12.2014 20:08

I kneståande - og kva så?

ELDOR BRÅTHEN
– Sør- Aurdal i kneståande. Om lag slik var ei heller dramatisk overskrift i lokalavisa for litt sidan. Artikkelen tok føre seg dei økonomiske utfordringane Sør-Aurdal, til liks med storparten av norske kommunar, står overfor, og handla om innføring av eigedomsskatt i heile kommunen.

At enkelte politikarar stemmer i mot, forundrar meg ikkje. Dei er vel nærast programforplikta i så måte. At politikarar frå anna hald har så vanskeleg for å godta denne overføringa til felleskassa, er vanskelegare å begripe. Kommunen må for all del ikkje bruke for mykje pengar, og i von om det dei trur er ei innsparing, vil mange av dei heller rasere eit godt, desentralisert skoletilbod. I Folkehelseåret 2015 vil det høve særs bra å vedta at born og unge skal sitje lengre tid på skolebussen. 

Omsynet til hytteeigarane har vore trekt fram ved fleire høve. Somme av dei ber seg frykteleg ille. Det har eg fått med meg. Andre har ei litt anna haldning. Éin av dei var jamvel ute i avisa og skreiv at dersom eigedomsskatten kunne berge skolen i Hedalen, ville han gjerne betale dobbelt eigedomsskatt. No har eg ein draum om at mange av oss sør-aurdølar, gjerne kommunestyrerepresentantar, også vil kjempe for å behalde lokale  tilbod, jamvel om tilbodet ikkje er i vår eiga bygd. Det er kanskje å håpe på for mykje. Folk er glade i lommeboka si, og ikkje så redde for å leggje ned tilbod andre stader i kommunen.

Det vert hevda at eigedomskatt er urettferdig. Han kan vera det. Sør-Aurdal har til no hatt avgrensa eigedomskatt. Ein del huseigarar i Bagn sentrum har betalt slik skatt i fleire år. Ein får tru dei har motteke så mykje ekstra av kommunale tenester at skattlegginga ikkje har vore alt for urettvis.  No skal eigedomskatten innførast i heile kommunen. Det er i utgangspunktet ikkje urettferdig, men det blir urettferdig dersom ein samstundes vel å leggje ned tilbod ute i grendene.

For nokre kveldar sidan kom ein annan bestefar og fortalde meg at « no må vi besteforeldre halde oss unna.» Det var kanskje ein spøk. Eg veit ikkje. Han er fast møtande kommunestyremedlem og blir det truleg i neste periode og. I tillegg har han ein langt sterkare posisjon i partiet enn eg har.   Den som kun tar spøk for spøk og alvor kun alvorlig; hun og han har faktisk fattet begge dele dårlig, skreiv Kumbel.

Største skilnaden mellom oss bestefedrar er nok at han og nokre andre partikollegaer, har synt seg som ihuga talspersonar for å leggje ned skolen i Hedalen. Kumbel får seie kva han vil. Eg er redd dei tek sikte på å gjera den jobben dei ikkje fekk gjort for nokre år sidan, men ein  får håpe eg tek feil.  

Politikarar stør seg på ekspertisen når det passar seg slik. Elevgrunnlaget i Hedalen er for lite , og skolen vert dermed for dårleg, seier somme ekspertar. Elevgrunnlaget blir lite dersom politikarane held fram med å skape usikkerheit, i staden for å seie med klare ord: – I Hedalen er det ein 1-10-skole, og det skal framleis vera.

Eg kan gjerne gå inn for å leggje ned Hedalen barne- og ungdomsskole, ein skole kommunen og folk i bygda for kort tid sidan gjekk saman om å ruste opp; kommunen med pengar og foreldra omfattande dugnadsinnsats. Jamvel eg kan gå med på skolenedlegging, men da skal det skje på grunnlag av eit klart ønskje frå elevar og foreldre ved skolen, ikkje for å tilfredstille ekspertar og politikarar som veit folk sitt beste betre enn folk gjer sjølve. 

I desse Nobelpris-dagane vert det mellom anna lagt vekt på rettane til barn og unge. – Alle barn har rett til mat. –Alle barn har rett til utdanning, heiter det mellom anna. Det er ord å leggje seg på minnet, men det finst neppe ein einaste unge i Sør-Aurdal som vil gå svolten til sengs pga. eigedomsskatten.

I kneståande kan ein vera klar for litt av kvart. Ein kan vera klar for å ta i mot nåde- og ein kan vera klar for bøddeløksa. Nåde frå statlege styresmakter, på den måten at dei vil berge kommuneøkonomien vår og busetjinga i grendene våre, kan vi neppe rekne med.

FN sin barnekonvensjon seier ingenting om at barn har rett til skole i nærmiljøet sitt, men vi bør kanskje ta oss råd til det. Vel vi å gje kommunen dei få kronene som eigedomsskatten vil koste oss, set noko på bok, prioriterer lovpålagte oppgåver som skole og eldreomsorg, og lar vera å bruke titals millionar kroner på eit fleirbruksbygg svært mange representantar for lag og foreiningar seier dei ikkje ser trong for, er det problemet løyst.

Eg er ikkje redd for «hovudrulling» blant barnefamiliar i bygda vår. Så ille er det ikkje, men eg er redd for at mange av dei tek beina fatt og forlet både oss og kommunen om ikkje skolen vår blir sikra. Det er ikkje bra det heller.