Sist oppdatert: 07.12.2014 18:50

Fossvang om att?

JØRN DAMSLORA

På 30-talet hadde Bagn to ungdomslag. Begge laga var aktive, og begge trengDe nye lokale. Etter tøffe møter mellom ungdomslaga og idrettslaget vart det i september 1939 vedteke å sende tiggelister for å finansiere felles tomtekjøp og lokale på Fossvang.
Det meste såg lyst ut i forhold til handel då staten ga 750 kr til formålet, medan Oppland og Hønefoss Kreditbank ga eit lån på 1 500 kr og Noregs landsforbund for idrett 1 000 kr. Ungdomslaga skulle stå for kulturhuset, medan idrettslaget skulle stå for idrettsplassen.

Handelen er eit kapitel for seg sjølv på grunn av konkursen på tresliperiet, krigen og idrettsboikotten. Dette kapitelet tek eg ikkje med her.

Rett etter krigen var tomta kjøpt, og ungdomslaga byrja på lokalet vinteren 46/47. Lokalet dei byrja på, var samtidas største kulturhus i Valdres. Arbeidet med bygget vart i stor grad sett bort. Då byggherrane var ferdige i 48, var ikkje bygget heilt ferdig på grunn av dårleg økonomi.

Frå årsmøtet i Fossvang 1954 kan ein lese følgande: Ei gjeld på 112 000 kr på Fossvang er ikkje skremande, for eit ungdomslag som vil fram, men den kan verta drepande i fall ingen vil bera ansvar for den.

Same året vart det klart at ungdomslaga ikkje hadde nokon som ville bere ansvaret for gjelda. På ei ekstraordinær generalsamling i 1954 vart det vedteke at idrettslaget skulle overta drifta. Ungdomslaga har eg ikkje høyrt om i etterkant.

50- og 60 talet er aktive år for Bagn IL, og styrearbeidet var bra i denne perioden, men heile tida heng den økonomiske byrda Fossvangbygget som ei svart sky over styrearbeidet, noko som går att i dei fleste referat frå den tida. Idrettslaget greier ikkje å finansiere ferdigstilling av bygget, skøytetalenta får ikkje naudsynt trening fordi økonomien ikkje strekk til, nye anlegg kunne ikkje prioriterast, og styremøta handla om inntektsbringande tiltak.

I sept. 68 kjem følgande sak opp på styremøte: Det vart drøfta å ha ein konferanse med ordføraren og skuleinspektøren om Fossvang si framtid. Det kan bli aktuelt å by kommunen å overta for den gjelda som er på huset. Idrettslaget måtte då i tilfelle få serrettar når det gjeld bruk av huset.

I 1969 overtok kommunen den økonomiske byrda, og kulturhuset Fossvang vart det bygget eg hugsar. I min oppvekst var Fossvangbygget ei pelsverksemd med Bagn IL sine lugubre garderobar i enden.

Etter at verksemda flytta drifta i 1986 har det som ein gong var Valdres største kulturhus, vore eit evig stridstema mellom idrettslaget og kommunen, då bygget kostar meir enn det smakar.  

At styret i Bagn IL greier å få opp Valdres største idrettshall, og at kommunen greier å få opp eit kulturhus, er eg ikkje eit augneblink i tvil om. Det er den lette delen. Kven som skal bere kostnadane dei neste 40 åra, og kor desse pengane skal hentast frå, er eg meir usikker på.

Mine lokalhistoriestudium viser at historia gjentek seg med om lag 30- års mellomrom. Hallplanane på 50-talet vart gjennomført. Hallplanane på 80-talet vart skrinlagt. For dei som skal overta styreverva i Bagn IL etter dei som driv no, håpar eg dei hallplanane vert skrinlagde denne gongen og.