Sist oppdatert: 14.01.2014 19:56

Preike på 1. nyttårsdag
Om å få eit namn

 

SIGNE ELISABETH KVÅLE

I en bok eg nylig las, stod der bakerst eit lite vers på engelsk, og to av linjene var slik: ”Takk fordi eg er velsigna og kan velsigne.”

Det vesle verset likte eg så godt.
Vi kan jo alle velsigne. Verset handlar ikkje berre om den aronittiske velsigninga i kyrkja, den presten avsluttar alle gudstenester med, og som mange andre kanskje nøler med å ta i  munnen, - eg tolkar det som all velsigning vi møter eller gir vidare av.

 

Johannes Møllehave skriv i ei av sine bøker om at eit lite nyfødt barn blir med ein gong velsigna av dei augene som møter det. Dei augene som er mor og far sine, og som elskar barnet, berre fordi det er deira barn.

Og foreldrene skal velje eit namn til barnet. Det er ei heilt spesiell oppgåve å finne det namnet som dei føler passar til dette nye mennesket, eit namn, som dei også føler noko for og som dei derfor kjenner ei slags velsigning ved. Og fordi namnet er så omhyggelig utvalt,  så er det også våre foreldre si velsigning i det namnet vi får.

 

Kanskje er vi oppkalla etter ein bibelsk person, eller etter bedsteforeldre eller ein ven eller venninne, som mor eller far set særleg pris på. Namnet er valt i kjærleik, ein vil aldri velje eit namn til barnet som ein synes har noko vondt over seg. Vi får eit skubb ut i livet med det namnet dei ga oss. Det er eit kjærleiksnamn.

 

Når vi også ved dåpen har fått namnet nemt, er vi knytte til det namnet gjennom Kristus sjølv. Vi blir ikkje døypte som ein av mange, vi blir døypt med vårt eige namn.

På engelsk kallar dei fornamnet for ”christian name” altså kristennamnet. Dåpsnamnet.
Så ved namnet har vi allereie skapt ein begynnande identitet, som barnet kan byggje videre på.
Og likevel er namnet vårt aldri ein tittel, som skal gjenspegle egoet vårt eller fortelje om særlege fortrinn eller posisjonar - det er heller ei gåve som er gitt oss og som avspeglar vår dåp.

 

Vi høyrde i dagens tekst at Jesus får namnet sitt på den dagen han vart omskoren.
Maria og Josef bygde på den gamle pakta, den heile Israel kjende til. Og dei følgde tradisjonen på staden der dei var og gjekk til tempelet i Jerusalem, og alle folk i heile Israel kunne forutsagt kva som ville skje: Guten skulle omskjerarast og få namnet ... Josef!

Men det fekk han ikkje. Ikkje namnet til sin jordiske far, men til sin himmelske far.


Vi er ikkje underlagt lova om omskjering. Den er jo dessutan under heftig debatt for tida- både av norske myndigheiter og av dei det gjeld, både jødar og muslimar.
For oss er den gamle tradisjonen ikkje lenger nødvendig. Jesus endra alt.

I dag, når vi veit at vi er på veg inn i eit nytt år, så står vi også på eit punkt der det er mogeleg å tenkje seg at alt kan forandrast med tida som kjem.
Vi kan kanskje undre oss over om vi no er klare til å ta imot eit heilt nytt år, er vi ferdige med det gamle?

Det har skjedd så mykje i det gamle året, som både er minner og godt og om vondt, som sit i oss, og som vi på ein måte vil bere med oss inn i det nye året. Så heilt rein og ubrukt er tavla aldri ved starten på det nye året.
Noko av det som skjedde i det gamle året, var velsigna, anna var det ikkje.
Slik er menneskelivet.
---------------

I den gammaltestamentlige forteljinga om Abraham, i 1. Mos 12, blir ordet velsigne brukt heile fire gonger på kort tid:

Herren sa til Abram: «Dra bort frå landet ditt og frå slekta di og frå farshuset ditt til det landet som eg skal syna deg! 2 Eg vil gjera deg til eit stort folk. Eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Du skal bli til velsigning. 3 Eg vil velsigna dei som velsignar deg.

 

Vi kan leve i ei slags lykke ved berre å vite at Gud ønskjer at vi skal vere ei velsigning og at vi har fått Guds velsigning.

Vi er ikkje alltid kun til velsigning, - det må vi leve med og lære av. Men Gud ventar noko godt av oss, og vi har alle eit eller anna godt å gi, som er med på å bringe velsignelse inn i andre sitt liv.

Vi lever i ei tid med mange utfordringar for verda, både med klima, økonomi, arbeidsløyse og mange slags sosiale utfordringar.

I lys av eit nytt år kan enkelte menneske kanskje tenkje at alt det store kan vi la ligge og slå oss til ro med å bekymre oss for om naboen får klippa hekken på den andre sida og skjenne litt når det ikkje er tilfellet. Slikt småtteri.
Men kvar blir då velsignelsen av?

 

Med velsignelsen i ryggen sende Gud Abraham inn i det nye landet, på samme måte som han sender ein kvar av oss inn i vår framtid med sin velsignelse og sitt velsigna nærver i vårt liv. Denne velsignelsen er aldri avgrensa til hekken eller plenen eller andre filleting, den er alltid sett i eit forhold til vår neste.
Velsignelse skal bærast med ut og brukast. Og vår neste treng det.
Vi må sette all velsignelse i sving i forhold til både det eine og det andre, fordi det gjeld både Gud og nesten.

Og når vi så har gjort det som våre krefter og evner strekk til, så må vi legge resten over på Gud. For det er slik i livet, at vi har vår vesle tid her på jorda og ein dag er den slutt. Då må  vi legge alt i Guds hender.

Så vi må leve med den lettelsen, at livet, namnet og velsignelsen er gåver vi er gitt av Gud og menneske. Og vi er sette til å tene Gud og nesten i dette livet.

Verden er full av nye håp og forventningar, nye krav og oppgaver, problem og gleder. Dei er vi saman om, så lenge vi lever.
Ingenting er ei9gentleg avslutta fordi om det er blitt 1. januar, verda er ny kvar morgon.

Det er julebudskapen, og det er også nyttårsbbodskapen. Derfor må vi ikkje gje opp å gjere noko med utfordringar, - Gud er i siste instans sjefen som tar nederlaget viss det kjem. Og gir ein ny morgon igjen. Og det er stadig vår oppgåve å vere medarbeidarar på kvarandre si livsglede.

Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage Anden som var, er og vera skal ein sann Gud, frå æva og til æva.