Sist oppdatert: 09.06.2014 06:33

Avvikle eller utvikle?

  Fram til hausten 2013 teikna rådmannen eit meir optimistisk syn på dei økonomiske utsiktene til kommunen enn det som kom fram då kommunestyret skulle vedta års- og langtidsbudsjett. Satsing på utvikling i Fossvang-området for 90 millionar kroner vart applaudert. No meiner ein at det årleg må sparast minst 15 millionar kroner.

Ei hovudutfordring er at det er for få barn i alderen 0–16 i kommunen vår. Fødselstala er for låge, og tilflyttinga burde ha vore større enn fråflyttinga.

Vi treng fleire familiar. Det vil gje auka skatteinntekter og større rammetilskott. Skal vi få dette til, må kommune og stat føre ein politikk som gjer at familiar vel å få barn, vel å bu i bygdene våre, og at fleire tenkjer at desse kan vere ein god plass å bu i i framtida. Det siste er ikkje umogleg, for det er fleire kan tenkje seg å flytte ut av byane våre.

No har kommuneadministrasjonen lagt fram mange rapportar. Dei teiknar eit dystert bilete av framtida til kommunen. Sentralisering og nedbygging av tenester er viktige stikkord, og lite er sagt om korleis ein kan gjere noko med den negative befolkningsutviklinga.

For det første er det heilt nødvendig å kvalitetssikre tal både på inntekts- og utgiftssida i dokumenta som no er lagde fram. For det andre meiner vi at kommunen bør bruke så godt som alle inntektene på lovpålagde oppgåver. Dette gjeld også eigedomsskatten kommunestyret no førebur.

Vi trur at nokre av tiltaka ein kjem med framlegg om, kan auke problema kommunen har, og her tenkjer vi først og fremst på det som er sagt om skole.

Det vil overraske oss om fleirtalet av innbyggjarane i Reinli, Bagn og på Leirskogen ser på ein sentralskole på Garthus som ei ideell løysing. Når kommunen samstundes må kvitte seg med bygningsmasse, lurer nok fleire på kva for forsamlingslokale ein i framtida skal ha. Likeeins trur vi ein sentralskole i Bagn vil vere utenkjeleg for dei fleste som bur i Hedalen. Dugnadsinnsats for å rive skolebygget vi no har, kan kommunen neppe rekne med.

Tilbod barnefamiliar dagleg brukar, bør vere i rimeleg nærleik til der ein bur. Må så godt som alle elevar i framtida køyre buss for å kome til skolen, tener det verken born, ungdom eller miljøet. Den dyraste utbygginga i Garhus vil dessutan koste så mykje at vi stiller spørsmål om det i det heile er mogleg å gjennomføre ho.

Vi trur det er vesentleg betre å tenke to fullverdige skuleløp – eitt i ytre og eitt i øvre del. Og då bør det vere interessant å sjå kva for interesse-fellesskap Nes har med ytre delen av kommunen.

Om få år vil Sør-Aurdal kommune truleg vere historie. Kommunen vil sannsynlegvis bli slått saman med éin eller helst fleire valdreskommunar, men deler av kommunen vår kan også bli innlemma i Ringerike.

Når einskilde tilsette er opptekne av kva som vil tene Sør-Aurdal og innbyggjarane her i ein eventuell storkommune, er det eit tema dei bør overlata til politikarane. Dei tilsette si oppgåve er å peike på kva for konsekvensar ulike tiltak kan føre til, og elles gjere det kommunestyret finn på å vedta.

Ordføraren legg opp til at kortsiktige tiltak for å spare pengar kan bli vedtekne i kommunestyret 19. juni. Dei langsiktige tiltaka skal det vere grundige høyringar på.

Dette synet støttar vi. No er det viktig å skape løysingar der det er likeverdige tilbod til innbyggarane i bygdene våre og framtidsretta tiltak som får merksemda.

Vi oppmodar administrasjonen, politikarar og innbyggjarar til å tenkje meir på å utvikle bygdene våre enn på å setje ut i livet tiltak som kan føre til auka fråflytting.