Sist oppdatert: 06.05.2014 17:49

1300 ystebøker selde fyrste året

6. mai var det eitt år sidan 12 tonn med «Ysting i Valdres»-bøker kom til selskapet Mat & Kultur AS i Ulnes. Rundt 1300 bøker er selde fyrste året.

Og dette er journalist, forfattar og utgjevar, Helge Gudheim, godt nøgd med: – Alle rekningane mine var betalte etter om lag eit halvt års boksal, og ei opptelling syner at om lag 1300 bøker er selde i løpet av det fyrste året.

1100 bøker er selde kontant eller fakturerte til no, og i tillegg er 480 bøker ute i dei 87 butikkane som har boka i kommisjonssal. Om ein reknar at halvparten av desse bøkene er selde, så kjem talet på rundt 1300 bøker fram.

I tillegg har eg til saman gjeve bort 140 bøker til offentlege instansar, mediaog private. Med dei nærmar det seg 1500 bøker, fortel Gudheim.

– Dette resultatet er eg særs godt nøgd med. «Ysting i Valdres» er både ei stor, dyr, spesiell og «smal» bok. Eg trykte 4000 eksemplar av boka, og dette vart gjort fordi innhaldet eigentleg er tidlaust. Difor har eg håp om at interessa for boka også kan halde seg i åra framover. Målet mitt er at eg skal sleppe å ha med meg bøker på gamleheimen, seier Gudheim.

Boka har fått god omtale i media. Det blir utan tvil lagt merke til at det kjem ei bok på tre kilo om ystetradisjonane våre. TV2-kokk Wenche Andersen kom eins ærend til Valdres for å laga innslag om boka, og her er nokre eksempel på omtaler ho har fått:

«Boka er overveldende i enhver forstand.» Per A. Borglund, Aftenpostens Mat fra Norge.

«Det er sjelden en mottar et så gedigent og flott stykke arbeid med et så godt gjennomarbeidet emne.» Halvor Heuch, Oslo.

«Selv den mest laktoseintolerante må bare nikke i stum beundring over alt nedlagt arbeid.» Bjørn Gabrielsen i Dagens Næringsliv.

«Ystebibelen frå Gudheim.» Lina Sandvik i Hallingdølen.

«Helge Gudheim har skrive eit praktverk om ystetradisjonen i Noreg.» Kristin Offerdal i Nationen.

– Det einaste eg angarar på når det gjeld utgjevinga, er tittelen som boka fekk. «Ysting i Valdres» avgrensar nemleg for mykje i forhold til resten av landet. Det er rett nok ystetradisjonane i Valdres som blir dokumenterte, men dei er også sett inn både i norsk og internasjonal samanheng. Og grunntonen i dette materialet er ganske lik i det meste av landet. Det syner seg også at eit tilsvarande stort verk om dei norske ystetradisjonane tidlegare ikkje er skrive her i landet. Difor hadde boka fått ein endå breiare appell i resten av landet dersom tittelen til dømes hadde vore «Norske ystetradisjonar – med utgangspunkt i Valdres». Ein lærer så lenge ein lever, seier Helge Gudheim.


Godt nøgd: Helge Gudheim er særs godt nøgd med responsen og salet av den tre kilo tunge «Ysting i Valdres»-boka han gav ut for eitt år sidan.
Foto: Nils Rogn, Valdres Natur- og Kulturpark.