Sist oppdatert: 30.03.2014 07:39

Vi treng motorveg på nettet!

Viss det er noko hedøler har røynsler med, så er det smale, humpete og svingete vegar. I desse dagar vert det teke avgjerder som har med andre vegar å gjere – korleis det i framtida vert å sende og å ta imot på verdsveven Internett.

Eidsiva bredbånd har i praksis monopol på å levere breidbandstenester, og vi må kunne seie at selskapet har vore ein viktig og god aktør både for næringslivet, privatkundar og hyttefolket. I dag får vi breidband via radiolinjer og telenettet (ADSL).

Krava til nettfart aukar, og det er ingen tvil om at fiber som transportløysing er det beste alternativet. Når det gjeld telelinjene, veit vi at desse har begrensa levetid, og dei vert truleg ikkje oppgraderte. Dei fleste får i dag breiband via desse linjene, og her er nettfarten ned opp til 4 Mbps, medan opplastinga knapt kjem over 0,5 Mbps. Til samanlikning tilbyr Eidsviva oppkopbling via fiber, der slikt finst, med lik nettfart opp og ned på opp til 50 Mbps. Å satse på ADSL vil i framtida vere like framtidsretta som om bønder skulle sverje til rusten hesjetråd.

SAE byggjer no ny høgspentlinje til Bergum. Hit vert det hengt opp fiberkabel frå Begnadalen. Så planlegg Telenor og Eidsiva å byggje fiber til Skartjernskollen. Dette er sjølvsagt eit godt tiltak med omsyn til kapasiteten i mobilnettet. Men det er inga fullgod løysing dersom det framleis skal vere radioløysing til skolen.

Lat oss bruke eit bilete. Alle veit at kva som skjer med trafikken på ein motorved dersom ein liten stubb har berre eitt køyrefelt og redusert fart. Slik kan det bli om ikkje transportnettet gjennom heile Hedalen – og til fjelles – er bygd med fiber.

SAE skal ha ros for at dei tenkjer framover. Når dei legg nye høgspentlinjer, førebur dei for fiberutbygging.

Kommunen er òg oppteken av fiberutbygginga i Hedalen, og dei sit på ein pen pengesum fylket og dei sjølv har kome med og lurer på om ikkje SAE og Eidsiva er interessert i å snakke om dette.

Næringslivet har i tre møte samarbeidd for å fremje krav om fiberutbygging gjennom Hedalen. Dei er ikkje nøgde med mellombels løysingar, slik det no ser ut til å bli.

Fordi Eidsiva og SAE i praksis har monopol på utbygging på breidband med den høgaste kapasiteten, rår vi partane som har interesser i denne saka, om å få til eit nytt møte. Dernest håper vi at både hyttefolk, bygdefolk og næringslivet melder interesse for fiberutbygging straks på denne sida.

Eidsiva har fleire tusen kundar som vil ha fiber i år. Skal dei prioritere oss, må mange melde interesse.