Sist oppdatert: 22.10.2014 10:32

Dramatisk formannskapsmøte

  ARNE HEIMESTØL
Sør-Aurdal kommune er mellom dei kommunane som får minst påslag i rammetilskot for 2015. Rådmannen har kome med framlegg om å bruke 10 millionar kroner ekstra i eigedomsskatt for å få budsjett 2015 i hamn. Det vil ikkje formannskapet vere med på. No vert det ekstra formannskapsmøte torsdag 30.10.

Møtet tysdag ettermiddag starta med at tenesteområda la fram statusrapport i driftstilpasningsprosessen. Deretter drøfta formannskapet rammer for budsjett 2015.


Rådmann Erland Odden og ordførar Kåre Helland

Helsing frå Hille Valla
Same dag hadde ordførar Kåre Helland vore på møte med Fylkesmannen i Oppland, og med seg heim att til Sør-Aurdal hadde han følgjande bodskap frå Hille Valla: – Kommunen må ha god budsjettdisiplin og godt samarbeid mellom administrasjon og politikarar.

Ulik innsparingsiver
Helland innleia saka med å vise til at SAK er 19 % dyrare å drifte enn Nord-Aurdal kommune. Han peika på at rådmannen hadde skissert eit omstillingsmål på 15 millionar kroner over 5 år. Skulesektoren fekk ros for å vere godt i gang med arbeidet. Her har det kome framlegg om å spare 1,3 millionar kroner for 2015. – Dette har sektoren gjort sjølv om vi som politikarar har  prioriterert dette området.

Meir utolmodig var ordføraren i høve til andre område. – Vi må kunne sjå effektar av driftstilpasningsprosessen i 2015-budsjettet. Helland etterlyste betre tilbakemeldingar frå miljøarbeidertenesta og pleie og omsorg, medan teknisk drift fekk ros. – Planavdelinga meiner eg vi har vore for harde med. Vi må vurdere om vi skal styrke denne sektoren slik at vi kan få på plass store og tunge reguleringsplanar. Slike planar kan leggje til rette for meir hyttebygging og større inntekter til kommunen.

Eigedomsskatt må til
– Vi kjem ikkje utanom eigedomsskatt for 2015, og eg vil ikkje ha dette som valsak til hausten. Derimot ynskjer eg ein handlingsregel for korleis skatten vi no må innføre, skal brukast. Vi må tenkje langsiktig og ikkje bruke meir pengar enn vi har, sa ordføraren.

Helland viste til at vi no har færre eldre over 80 år enn tidlegare. – Dette må få konsekvensar for budsjetta. Vi har gode tenester, det skal vi framleis ha, men vi må også finne fram til rett nivå på dei ulike tenestene.

Om å vere direkte
– Det er bra at ordføraren er direkte i tilbakemeldinga si, sa rådmann Erland Odden. – Men KS-rapporten viste at vi ikkje driv dyrt. Det største innsparingspotensialet har vi på skulesektoren, og her er det for tidleg å konkludere. Eg er ikkje usamd i at kommunen kan innføre ein handlingsregel for eigedomsskatt, men det er for tidleg å ha ein slik regel for budsjett 2015.  Vi må vere tolmodige. Kommunen må vurdere både struktur og nivå på tenestene. – Blir eg politikar no?

– Vi driv 10 % dyrare enn Øystre Slidre. Dei områda vi ser at vi kan ta tak i, må vi gjere noko med no, repliserte ordføraren.

Pedagogikk og politikk
Her meinte rådmannen å sjå ei pedagogisk utfordring. – Ut frå objektive kriterium kan vi ikkje samanlikne Øystre Slidre og Sør-Aurdal kommune. Han peika også på at Øystre Slidre har inntekter frå kraftverk. Det har ikkje SAK. Dessutan er befolkningssamansetjinga i dei to kommunane ulik.

For dyr drift
Fleire formannskapsmedlemmar ville etter kvart vere med i debatten. – Vi driv for dyrt, sa Magne Damslora (Ap). – I tillegg har vi lite pengar på fond. No må vi setje i gang dei kortsiktige vedtaka vi har fått på plass.

Kven vil spare?
Varaordførar Svein Bakke (Ap) sa seg samd i det meste ordføraren hadde framført. – No driv vi med skippertak. Vi vert aldri ferdige med drifta. Tilbakemeldingar om nye og endra behov får vi ofte, men framlegg om innsparing høyrer vi mindre om.

Ikkje politisk vedteke
– Eg reagerer sterkt på at kommunen har sendt ut ei brosjyre som gjev inntrykk av at vi alt har vedteke å innføre eigedomsskatt, sa Emmy Bakkom (Ap). – At vi må ha det, er ei anna sak. Vi mister tenester og må betale både bompengar og eigedomsskatt. Bakkom viste til orienteringa pleie og omsorg hadde hatt. – Tenesta ser at vi manglar ergoterapeut. Vi har i dag ei ergoterapeutstilling der vi i staden har tilsett fysioterapeut. Denne stillinga må vi tilbakeføre i staden for å opprette ei ny stilling. 


Emmy Bakkom

KS-rapporten
– Det er på sin plass å vere direkte, sa Oddvar Fremgaard (FrP). – Men politikarane ville ha grundige utgreiingar før ein kjem til konklusjonar. Vi kunne ha brukt KS-rapporten og snevra meir inn.

– Har gjort det vi skal
– Eg meiner vi til punkt og prikke har følgt dei innsparingsvedtaka kommunestyret gjorde i juni, sa rådmannen. På ein måte vert det skapt eit inntrykk av at vi ikkje følgjer opp det som er vedteke. Eg minner om at vi dette året driv kommunen fem millionar kroner billegare enn vi tidlegare trudde vi skulle gjere.

Barnehageopptak
– Vi må vakte oss slik at vi ikkje blir ein kommune prega av depresjon, sa Emmy Bakkom. No ser vi at mange søker om plass i barnehagane etter jul. Vi må følgje opp regjeringa sitt framlegg om å ha to barnehageopptak i året. Får vi det til, kan fleire komme ut i jobb, og vi får auka skatteinntekter.

Trafikksikringsplanen
I møtet var Bakkom også oppteken av trafikksikringsplanen for skulen og barnehagen i Hedalen. Tiltaka her har vorte utsette fleire gonger.
 – Trafikkforholda er slett ikkje tilfredsstillande, og her må vi gjere noko før det skjer alvorlege ulykker.

Ville ha nytt formannskapsmøte
Ordføraren oppsummerte med å seie at formannskapet er skeptiske til å bruke heile eigedomsskatten på 10 millionar kroner til drift i 2015. Han tok til orde for nytt formannskapsmøte torsdag 30.10. og bad rådmannen i dette leggje fram forslag til kor mykje ein kan spare inn. Helland gjorde det også kjent at rådmannen og assisterande rådmann hadde kalla inn til budsjettkonferanse utan at han var orientert om det.

– Det er berre personalet vi no kan kutte på, svara rådmannen.

– Det vi må få på bordet, er kva konsekvensar ulike innsparingar vil ha, repliserte ordføraren.

– Vi kan gje færre tenester, men tenestene vi gjev, kan vere like gode som no, meinte Bakkom.

Vil flytte ungdomstrinnet i Hedalen til SAUS
– Sør-Aurdal ungdomsskole har for få elevar. Vi kan spare 1,7 millionar kroner ved å overføre ungdomstrinnet i Hedalen til SAUS, mente Magne Damslora.


Magne Damslora

– Eg meiner vi skal følgje framdriftsplanen som er lagt i skulesaka, sa Helland. Tidlegare i møtet var det vist til at konklusjonen her skal komme i mars 2015.

Høg temperatur
– Eg skammar meg ikkje over å ta inn eigedomsskatt i budsjettet, sa rådmannen.

Etter denne utsegna steig temperaturen i debatten. Ordføraren heva klubba og røysta, såg strengt på rådmannen, konkluderte med at det vart nytt møte neste torsdag, og heva formannskapsmøtet.

Melding frå ordførar og rådmann
I ein felles e-post etter til Hedalen.no skriv rådmannen og ordføraren dette:

Ved behandlingen av foreløpige budsjettrammer i formannskapet kom det fram noe ulik forståelse av forventninger mellom ordfører og rådmann. Dette førte til at vi ser behov for en grundigere gjennomgang av alternative muligheter før foreløpige budsjettrammer kan vedtas.
 

Det er en klar politisk forventning om at eventuelle eiendomsskattinntekter ikke fullt ut skal brukes til driftstiltak, og rådmannen vil derfor i ekstraordinært formannskap legge fram mulige endringer i driftsrammene som tar høyde for dette.