![]() |
|||||||||||||
Sist oppdatert: 04.10.2014 22:16 |
Vil ta vare på verdas flottaste kyr |
||||||||||||
ARNE HEIMESTØL – Når eg ser dei flotte kyrne med majestetiske horn og vakre fargekombinasjonar i kontrast til haustfargane i fjellet, kan eg ikkje skjøne anna enn at det må gjere dei fleste glade. Dette seier John Magne Oppedal. Bonden frå Viksdalen i Sunnfjord henta nyleg tre kalvar og ei kvige frå Valdres. No vil han gjere eigne erfaringar med rasen Telemarksfé.
Rosar engasjement for
rasen
Oppedal kjenner ikkje til
andre som driv med Telemarksfé i Sunnfjord. Det var grunnen til at han tok
turen til Valdres for å skaffe seg livdyr. – Eg håpar at det i mitt område
også kan vere plass til å ha fleire besetningar med innpass for Telemarksfé i
framtida, og at lynne og helse på dyra kan vere med på å promotere dei
fram som gode kyr.
Tiltak
Telemarksfé
i Hedalen Gudmund sa at telemarkkua er billegare i kosten enn andre kyr, og at ho greier seg godt både på utmarksbeite og i ulendt terreng. – Høg yting er ikkje det viktigaste, men korleis kyrne produserer den rimelegaste mjølka, hevda Stugaard. Sjølv om Gudmund for lengst kunne rekne seg som pensjonist, starta han med seterdrift i Muggedalen i Hedalen i 2004.
Drifta på Lyngstad held fram
Nisjeproduksjon i Øystre Slidre I 2012 starta Trandokken opp med fem kyr. – Eg valde Telemarksfé fordi dette er "verdas finaste kyr" og fordi rasen høyrer heime i Valdres. Telemarksfeet er no sterkt utryddingstruga, og det er berre ved å halde rasen i live at vi kan ta vare på han. Trandokken meiner telemarkskyr mellom anna har gode leiareigenskapar, og at dei passer godt som bjellekyr.
Garden Dølahushaugen ligg ved Melbybråten ca. 500 moh., og her har Trandokken eit kaldfjøs som vart bygd for sau i 2004. No har dette fjøset fått båsar for mjølking, men dyra går fritt ute og inne heile tida. Fôr får dyra for det meste ute i ein rundballhekk, men det er også mogleg å fore inne. – Eg har både ein heimestøl og ein langstøl og er på stølen ca. tre månader kvar sommar, fortel Trandokken. Melsennheimstølen ligg litt over 800 moh. medan langstølen Lien ligg om lag 1000 meter over havet. På Lien går kyrne på utmarksbeite kvar dag, og på inngjerda nattbeite.
– Eg har i mange år hatt ønskje om å starte med kyr, men har ikkje hatt mjølkekvote, fortel Trandokken. Eitt alternativ var å satse på ammekyr, men løysinga vart å produsere rømme og smør. Pultost hadde han også tankar om å produsere, men dette har han ikkje fått tid til enno. Produksjonen driv Trandokken med mobilt mjølkeanlegg på tre stader. Mattilsynet har gitt godkjenning, og produkta vert selde vidare av andre. Norsk Gardsost har sytt for gratis konsulenthjelp.
På plass i Viksdalen
|
|||||||||||||
|