Vi vil – vi kan!
28.–29. august var 34 ungdomsskoleelevar
og seks lærarar ute på ei unik turoppleving. Frå ulike stader skulle
seks grupper første dagen ta seg fram til Storausttjern. Det var
lærarane som hadde sett saman gruppene, og utgangspunkt for den
stjerneforma ekspedisjonen var Bjørke, Mælodden, Vassfarplassen, Strøen,
Søbekkseter og Fledda. Gruppene
skulle sjølv finne ut kva dei måtte ha med, og dei måtte bruke kart og
kompass for å finne fram. Dei vaksne sine oppgåver var først og fremst å
vere baktropp.
Med store, tunge sekkar tok ungdommane seg
fram til Storausttjern. Den siste gruppa kom fram fleire timar etter at
den første hadde funne dagsmålet, men alle kom fram. Det er ikkje til å
undre seg over at natta vart roleg!
Ikkje mindre imponerande var den andre
dagsetappen. Etter at leiren var rydda, skulle elevane gå til Brennsetra
og deretter fylgje grusvegen ned til bygda. Dette er ein etappe på rundt
15 km. Gnagsår var det fleire som
fekk. Vondt ellers i kroppen var det mange som måtte leve med – både
under og etter turen. Men alle kom fram, og vi vil tru at alle er fleire
opplevingar rikare. Det er mange
år sidan skolen har lagt hatt liknande opplegg. Truleg minnest
foreldre til dagens elevar Terje Hareide sitt store arbeid for å lære
barn og unge å bli glade i naturen.
Skolen fortener stor takk for det dei
gjorde denne gongen. Vi håpar det blir lagt opp til fleire slike
utflukter. Vi bur i ein fantastisk natur, og det er mykje god helse i å
røre på seg. Samstundes vil vi oppfordre elevane til å ta med foreldra
sine på same turen som dei gjekk første dagen. Korleis ville det ha
gått? |