Sist oppdatert: 01.04.2015 06:31

Kallar inn til barneteljing

  TEKST: ARNE HEIMESTØL
BILDE: ARNE G. PERLESTENBAKKEN
Skolestriden er over, men kommunestyret krev at det må vere minst 15 elevar på ungdomstrinnet i Hedalen dersom dette trinnet skal bestå. Etter det Hedalen bygdeutval kjenner til, har det rett før påske kome krav om ei meir påliteleg barneteljing i Hedalen.

I januar skreiv ein lærar på skolen i Hedalen ein kommentar der ho påstod at om lag 26 % av elevane som går på Hedalen barne- og ungdomsskole i dag, har flytta til bygda etter at dei vart fødde.


Familien Øyhus Pihl stiller på barneteljing

I saksframlegget til Driftstilpasning skole skreiv rådmannen mellom anna dette:

Det har fra flere blitt hevdet at elevtallet er høyere enn fødselstallet dersom man tar hensyn til tilflytting. Administrasjonen har ikke anledning til å anslå en prosentvis tilflytning av elever da endringer i elevtallet føres fortløpende i vårt administrative system. Vi kan slik ikke ta ut oversikter over elever som har flyttet til skolen eller elever som har flyttet fra skolen.

Møt opp på skolen i dag!
– Vi er dugeleg slitne etter skolestriden, men denne utfordringa må vi kunne hjelpe kommunen med, seier leiar i bygdeutvalet, Vegar Vestrom. Som kjent er denne karen statsautorisert revisor, og tal har han greie på.

– Vi har kome til at fototeljinga Arne G. Perlestenbakken gjennomførte i september 2014, ikkje er presis nok. Bygdeutvalet startar derfor barneteljinga på det nyoppussa musikkrommet på skolen i dag. Møt opp i tidsrommet 16.00–19.00. Vi serverer bollar, saft og kaffi, fortel Vestrom.

Vil ha langtidsplanlegging
– Etter at første del av teljinga er over, vert det leik og moro for ungane i gymnastikksalen, fortel nestleiar i bygdeutvalet, Mari Olea Lie.

– Foreldra kan kome på skolekjøkkenet til ein ny samtale. Her vil vi gjerne registrere kor mange ungar ekstra den einskilde familien kan tenkje seg å få før vi vert ein storkommune. Vi trur ein skikkeleg fødselsboom i Hedalen kan gjere inntrykk på kommunen, slik at vi i det minste kan få ha skolen vår i fred til vi anten er i Stor-Valdres eller Ringerike, seier Lie, som  vil ta med seg ideen bygdeutvalet har kome på til regjeringskvartalet – der ho har sitt daglege arbeid som planleggjar i Kommunal- og regionaldepartementet.

Dei som ikkje har høve til å møte på skolen til barneteljinga i dag, sender e-post til bygdeutvalget@hedalen.no og avtalar møte seinare i påska.

Tilflyttinga må halde fram!
I tillegg må alle dei som går med planar om å flytte til Hedalen, melde frå om dette via e-post. Bygdeutvalet kjem til å sende ein revisjonsrapport til kommunen rett over påske.

Behov for utviding
Når kommunen får dei nye prognosane, reknar bygdeutvalet med at ein må byggje på skolen for om lag 90 millionar kroner.
 
Fakta om Hedalen
  • Det er ein stad mellom 500 og 1000 innbyggjarar i  Hedalen.

  • Bygda har kombinert barne- og ungdomsskole, og ein trur at det skal vere mellom 35 og 120 elevar på skolen.

  • Barnehagen har to avdelingar, og det finst enno barn på begge tilboda.

  • Dersom kommunen vel å flytte ungdomstrinnet til Bagn, vil bussturen frå fylkesdelet til kommunesenteret ta mellom 30 minutt og tre timar.

  • Ungdomslaget arrangerer kvar månad foreldrekafé på Nordre Lokalet. Her serverer dei vaffelhjarte, og sjølv om ungane held eit forferdeleg leven, er det fleire som pratar om å setje fleire barn til verda.

  • Den norske kyrkja opplyser at det har vore både barnedåpar og vigsler dei siste åra. Gratistilboda vil halde fram i åra som kjem.