Sist oppdatert: 14.12.2015 06:09

  Gode og likeverdige tenester der folk bur

Det er ikkje lenge sidan ordføraren i Øystre Slidre, Kjell Berge Melbybråten, gjekk ut og sa at kommunesamanslåingsprosessen i Valdres var daud. Mange vart nok svært overraska då han sist veke saman med Eivind Brenna, ordførar i Vestre Slidre, og Toril Grønbekk, ordførar i Etnedal, tok til orde for ein kommune som avisa "Valdres" kalla Midt-Valdres.

Politikarar frå Vang hadde ikkje høyrt eit einaste ord om saka før ho kom i media. Ordførar Kåre Helland og rådmann Erland Odden vart for nokre veker sidan inviterte til samtalar, men takka nei fordi sonderingane ordførarane ville ha, skulle vere strengt hemmelege. Dermed vart både Vang og Sør-Aurdal av tre ordførarar sett utanfor ein prosess som kommunestyra i alle Valdres-kommunane har køyrt i lag, og som desse skal ta stilling til i desembermøta som no skal haldast.

Iveren etter å få til ein storkommune i Valdres fortener dei tre ordførarane ros for. Prosessen dei no har køyrt for å få det til, står til stryk. Fleire vil nok undre seg over om det dei har stelt i stand, er lovleg. Det vi i alle fall kan slå fast, er at utspelet har skapt vondt blod mellom dei som skal fullføre den svært viktige, og opne, prosessen som er sett i gang.

Vi har tidlegare teke til orde for at vi bør få éin Valdres-kommune der alle dei seks noverande kommunane er med. Kommunesenteret i ein slik kommune bør liggje i Fagernes. Dette er ikkje til hinder for at ein kan bruke til dømes kommunehusa i dei tidlegare kommunane til noko nyttig. Det kan vere rimelegare, og i desse nett-tider, like bra som å byggje mykje nytt i Fagernes.

Sør-Aurdal kommune har nyleg gjennomført ei innbyggjarundersøking. Her kjem det fram at over halvparten meiner det er best om Sør-Aurdal består som eigen kommune. Meir en to tredjedelar meiner likevel at Sør-Aurdal bør vere ein del av ein Valdres-kommune dersom samanslåing vert aktuelt.

Torsdag 17.12. skal kommunestyret i Sør-Aurdal bestemme kva som skal skje med kommunemoderniseringsprosessen. Rådmannen tilrår at kommunestyret vidarefører arbeidet, og det støttar vi fullt ut. Vi kan ikkje tillate at Sør-Aurdal vert sett på sidelinja dersom fleire kommunar i Valdres slår seg saman. Og kommunen vår bør vere pådrivar for å få til eit best mogleg forhandlingsresultat – ei løysing som flest mogleg kan tilrå og velje.

Eit viktig mål med kommunesamanslåingsprosessar, slik Stortinget ser det, er formulert slik i Innst. 3000 S (2013–2014):

Målet om gode og likeverdige tjenester til innbyggerne der de bor, er grunnleggende for å sikre gode lokalsamfunn i hele landet.

Dette har dei tre ordførarane ikkje heilt forstått. Det er ikkje eit mål å oppretthalde gamle kommunesenter i ein storkommune, og at alle tenestene skal samlast der. No er det tid for å vere vakne og følgje med på det som skjer.