Sist oppdatert: 15.12.2015 17:36

Mobilbruk i skulen

MICHELLE, GLOBALSKOLEN
Mange har ein og brukar han dagleg. Nokon er avhengige av han og brukar han fleire timar kvar dag. Han er som oftast svart eller kvit, og han er cirka fire eller fem tommar stor. Du gjettar sikkert hva eg meinar: Mobiltelefonar. Dei har blitt våre stadige følgesvennar. Men treng vi absolutt å bruka dei overalt? Eller kan vi også late dei ligga i lomma, som f.eks. når vi er på skulen?

Dårlegare karakterar
Ein god grunn mot mobil i skulen er at både elevane og læreren blir veldig distraherte. Om ein får lov til å bruka han når ein vil, blir ein veldig freista. Ein tenker: Eg må berre sjekka om nokon har posta noko på Facebook eller skrive til meg på Whatsapp. Eller læraren fortel noko som er så kjedeleg at ein sluttar å høyre på og begynner å spele spel på mobilen. Dersom ein gjer det regelmessig, kan karakterane bli dårlegare og dårlegare. At karakterane i alle fall betrar seg dersom mobilar er forbodne, viser ein studie frå University of Texas i USA.

Mobil ordbok
Men mobiltelefonar har ikkje berre negative verknader i skulen. Dei kan faktisk til og med hjelpe. Å læra den rette omgangen med datamaskin, mobil eller nettbrett har vore viktig i fleire år og vert kalla digitale ferdigheiter. Det inneheld blant anna kjeldevurdering, korleis ein brukar spesielle program (f.eks. Microsoft Office) eller å læra å skriva raskt på tastatur.

Cybermobbing
Digital mobbing kan også skje utanom skulen, men som oftast er det nokon frå skulen som er «mobbaren». Sjansen aukar dersom ein har mobilen med seg. Anten ein skriv dei «vanlige» hatmeldingane eller ein aukar det og begynner å ta nakenbilde av offeret i garderoben eller dusjen, og så publisera dei utan løyve av personen som er på bildet.

Oppsummering
Eg synest ikkje det er så lurt å tillate at alle elevane får bruke mobilen i skulen. Men ein kan heller ikkje tvinge elevane til å la mobilene bli liggande heime, så ein må finne ein god løysning. Eg synest måten ein skule i Porsgrunn løyste det, var veldig smart. Dei samlar inn alle mobilane om morgonen, så blir dei delte ut igjen først når skulen er slutt. Etter mi meining kan fleire skuler begynne med det.