Sist oppdatert: 02.12.2015 18:54

DEBATTARTIKKEL
Bør mobiltelefonar vere ein del av skule-kvardagen?

 

ELISE, GLOBALSKOLEELEV I QATAR
Bruken av mobiltelefonar i skuletida har vore mykje diskutert den siste tida, ettersom det blir meir og meir vanleg for ungdommar å ha eigne telefonar. Dei ynskjer også å ha med seg telefonen på skulen. Mange meiner det er positivt å ta dei i bruk i skuletida, mens andre er ueinige og fortel at dei skapar for mykje uro. Det store spørsmålet er om skulen bør vere eit pusterom fra sosiale medium, eller om dei populære smartmobiltelefonane faktisk kan kome til nytte i læringa?

Mobiltelefonen - ein distraksjon?
Mange meiner mobiltelefonar i timen er ein distraksjon for elevane. I staden for å konsentrere seg om skulearbeidet, bruker nokre elevar heller tida si på sosiale medium. Mange får også fleire meldingar på telefonen, og blir stadig avbrotne om dei har han med seg i timen. Dette fører til uro i undervisninga, og elevane får ikkje konsentrert seg. Undersøkingar frå University of Texas i USA viser at elevar får betre karakterar med mobilforbod i timane. Barn og ungdommar treng arbeidsro for å konsentrere seg, dei vil prestere betre om dei ikkje blir forstyrra av mobiltelefonen heile tida.

Eit nyttig verktøy
Mobiltelefonen kan også brukast som eit verktøy i undervisninga. Den kan for eksempel nyttast til å søke opp informasjon, notere viktige ting, og som kalkulator. Lærer elevane å ikkje sløse bort tida på sosiale medium, vil dei bli meir sjølvstendige i læringa, og mobilen vil bli ein positiv del av skulekvardagen. Eit argument for dette er at datamaskiner, som dei fleste skuler i Noreg har, i sta-den kan brukast for å søke opp den nødvendige informasjonen.

Sosial mobbing
Ei anna ulempe med telefonar på skulen er at dei kan brukast til sosial og digital mobbing. For det første har utsjånaden og merke på mobilen mykje å seie for dagens ungdom, og dersom du har ein umoderne telefon, eller ikkje har ein i det heile tatt, kan du bli mobba for det. For det andre kan mobilen brukast til å ta ufrivillige og uheldige bilete og videoar av andre. Dei kan også enkelt sendast vidare og bli misbrukt. Til slutt kan dette oppfattast som nettmobbing og føre til at ved-kommande blir såra. Det har til og med vore tilfeller der nokon har teke bilete av nokon i dusjen i garderoben på skulen, og bilete blei sende vidare. Nettmobbing kan setje like djupe spor i ein per-son som fysisk mobbing, og det bør derfor stoppast.

Mobiltelefonar i friminutta
Friminutta er elevane sin pause frå skulearbeidet, og mange vil gjerne oppdatere seg på sosiale medium i denne tida. Ulempene ved dette er at folk blir veldig usosiale og kommuniserer heller gjennom meldingar i staden for faktisk å snakke med kvarandre. Det kan føre til at ein får færre vener. Barn og ungdom bruker uansett mykje tid på mobiltelefonen i fritida, så det hadde kanskje ikkje skada om skuletida hadde vore eit pauserom frå sosiale medium.

Klare reglar
For å konkludere har bruk av mobiltelefonar på skulen både positive og negative sider, men per-sonleg synest eg det bør vere begrensningar på når telefonane kan bli tatt i bruk. Det bør vere opp til foreldre og lærarar ved dei enkelte skulane å lage klare reglar for mobilbruken i skuletida. Læra-rane må deretter vere strenge på bruken av mobiltelefon etter reglane dei har sett, og det må få konsekvensar for eleven dersom han tar i bruk mobilen når det ikkje er tillate. Etter mi meining bør mobiltelefonar helst ikkje vere tillate i skuletida. Eg trur det vil hjelpe med å få eit betre læremiljø og at folk konsentrerer seg meir om skulearbeidet.

Elise

Kjelder:

Ertesvåg, F. Mobil-forbud ga bedre karakterer,24.06.2015, http://www.vg.no/nyheter/innenriks/oppvekst/mobil-forbud-ga-bedre-karakterer/a/23475246/

Mobilbruk i skolen, 25.06.2015, http://www.vg.no/nyheter/meninger/skole-og-utdanning/mobilbruk-i-skolen/a/23477005/

Johansen, L. Innfører mobil- og fotoforbud på skolen, 12.09.2013, http://www.vg.no/nyheter/innenriks/skole-og-utdanning/innfoerer-mobil-og-fotoforbud-paa-skolen/a/10126222/