Sist oppdatert: 13.02.2015 21:58

Sør-Aurdal har høyest sykefravær i Valdres

 

ARNE HEIMESTØL
– Sykefraværet i kommune-Norge spriker fra under fire til nærmere femten prosent. Eksperter tror «verstingene» har mye å hente på bedre ledelse, skriver NRK
.

Sykefraværet i Valdres
  Menn Kvinner Samlet
Snitt kommuner i landet 6,02 % 10,88 % 9,8 %
Sør-Aurdal 8,08 % 11,46 % 10,81 %
Etnedal 2,67 % 10,21 % 8,73 %
Nord-Aurdal 8,63 % 10,12 % 9,83 %
Vestre Slidre 4,46 % 9,65 % 8,46 %
Vang 4,95 % 7,88 % 7,28 %
Øystre Slidre 2,95 % 10,21 % 8,70 %

Vi har spurt fagleder for personalet i Sør-Aurdal kommune, Bjørg Dokken, om hun kunne kommentere dette oppslaget. Her er svaret vi har mottatt:

Aller først: Den kommentaren til tala i NRK-reportasja som er med i din opprinnelege e-post – at kommunen har bytt lønnssystem i perioden, må gjelde ei anna kommune enn vår. Vi har hatt same lønnssystem sidan 2005.

Til saka:
Eit sjukefråvær på 10,8 % er for høgt, og kostnaden ved sjukefråvær er ikkje berre knytt til tala i regnskapet, men og dei menneskelege; for den som er sjuk, for dei andre tilsette og for brukarar og pasientar. Det er likevel viktig å ikkje ha for stort fokus på fråværsprosenten for eitt enkelt år, men i staden sjå fråværet over tid – av naturlege årsakar varierar det mykje frå år til år. Sør-Aurdal kommune har i mange år hatt eit samla fråvær på godt under landsgjennomsnittet, t.d. hadde kommunen eit fråvær for den same perioden i 2011/2012 på 8,65%, medan landsgjennomsnittet også då var på 9,80%. Så steig det mykje i 2012/13, og har i 2013/2014 gått noko ned att.

Når dette er sagt, held kommunen fram med å arbeide kontinuerleg med arbeidsmiljø, helse og tryggleik på dei einskilde arbeidsplassane. Sør-Aurdal kommune har tru på at det avgjerande for å sikre eit høgt nærvær, er korleis den daglege drifta er tilrettelagt når det gjeld m.a. oppgåve- og ansvarfordeling, kompetanse som styrkar kjensla av meistring og god kommunikasjon kolleger imellom og mellom leiing og tilsette. I tillegg er det viktig med gode HMS-rutinar som aktivt blir nytta av både leiing og tilsette, noko Sør-Aurdal kommune har. Andre, og meir spesifikke tiltak retta mot høgt fråvær over tid på enkeltarbeidsplassar kan vere eit nyttig supplement til dette, dette har kommunen tidvis gjennomført, både i eigen regi og i samarbeid med NAV arbeidslivssenter og bedriftshelsetenesta, og vil også vurdere slike tiltak i fortsettinga.

Når det gjeld teoriane om kvifor fråværet er høgare i kommunal sektor enn i privat sektor, som intervjuobjekta i NRK sin artikkel held fram, vil vi særskilt syne til forskar Solveig Ose i Sintef. Ho peikar på at ein stor del av dei kommunalt tilsette arbeider i brukarnære omsorgsyrke. Dette stemmer godt med fråværsbildet i Sør-Aurdal kommune, der fråværet er størst i barnehagesektoren og innan turnusområda. Det er elles vanskeleg å spekulere i kva som er årsaka til at Sør-Aurdal ligg over landsgjennomsnittet i den aktuelle perioden, men at mykje fokus på driftstilpasning, omorganisering og krav til høgare effektivitet også spelar ei rolle og kan påføre dei tilsette meir slitasje, er ein tanke det er naturleg å tenke.