Sist oppdatert: 16.01.2015 19:26

Framtida - i knytte nevar

JØRN DAMSLORA
I mange år har eg engasjert meg for bygdeutvikling i Sør-Valdres. Dessverre ser eg at skuledebatten og kulturhusdebatten fører Sør-Aurdal langt attende i tid når det kjem til bygdeutvikling.

Det fell nok mange tungt for brystet å høyre mi meining, sidan ho ikkje samsvarer med dei fleste bygdefolk si meining. Eg er av den oppfatning at skule- og kulturhusdebatten er ei gedigen avsporing frå bygdeutvikling i Sør-Valdres. Dessverre vil resultatet av desse diskusjonane i stor grad avgjer korleis Sør-Valdres ser ut om 50 år.

Det viktige for Sør-Valdres er korleis ein handsamar ressursen hytteturistar og det faktum at det bur mellom 2 og 3 millionar menneske under 3 timar frå området vårt. Skal det bu folk i Sør-Valdres, må innbyggjarane byrja og pynte seg for brura, som det heiter.

Eg har sett mange døme på at ungkarane sloss så mykje at brura vel nokon andre. Om denne metaforen får tankane dine inn på bygderivalisering, så er du på rett spor.

Innbyggartalet i Sør-Valdres går ned, og det vil halda fram og gå ned, uavhengig av skulestruktur. Kommunesenteret tapar posisjon til storbyane, uavhengig av om det heiter Bagn eller Fagernes.

Innbyggartalet i Sør-Valdres vil gå ned, uavhengig av kulturhus eller ikkje på Bagn. Skal det vere folk i Sør-Valdres i framtida, må det satsas på kvalitet i skulen og konkurransedyktige vilkår for utvikling av hytteområda.

Det å innføre eigedomsskatt for å oppretthalde ein desentralisert skulestruktur med dårleg kvalitet, er eit sjølvskot. I augneblinken kan de og marknadsføre dykk med noko nær Noregs høgast nettleigepris.


Eg trur løysinga for Sør-Aurdal er å tenke at kommunen består av to bygder. Det er bygda de lever i, og det er bygda de lever av. Greier de ikkje å einast om dette, så vert det enda mindre å leve av.

Medan de knivar om skule og kulturhus, kosar eg meg som lærar på ei austkantskule i Oslo. Jobben min er å få sunni- og sjiamuslimar, buddhistar, hinduistar, katolikkar, protestantar og ateistar til å fungere saman.

Eg jobbar med å få serberar og bosniarar, iranarar og irakarar, hutsiar og tutsiar og pakistanarar og indere til å respektere kvarandre. Dette er ein enkel jobb.

Eg misunner verkeleg ikkje dei som skal få hedøler, begnadøler, høleraværingar, leirskoging, begning og reinling til å snakka same språk.