Sist oppdatert: 18.01.2015 22:10

Heia Hedalen!

KIRSTEN INGA KAMRUD
Eg har vore på basar i Hedalen. Ei heilt ny oppleving for meg, ikkje basar akkurat, men basar i Hedalen. Mykje likt med andre basarar eg har opplevd, men også noko nytt.

Vi kjørte gjennom snøtung skog, sving etter sving, før vi kom fram til menneske, lys og varme. Eg synest Hedalen på ein måte er litt eventyraktig, eit rike for seg sjølv mot fjell og vidde. Eit levande samfunn, litt hemmeleg og avsondra inne i skogen, ved ein sideveg. Du har sikkert høyrt om at ein finn ukjente stammer inne i Amazonas. Hedølene er ikkje akkurat ei ukjent stamme, dei er ein høgt utvikla sivilisasjon med store ressursar og velutvikla kultur. Og dei tok heldigvis venleg imot meg, ingen forgifta piler å sjå!

Ein bygdebasar er eit tverrsnitt av ei bygd. Det er bestemødre og barnebarn, småbarnsforeldre, tenåringar og nokre menn. Det er bønder og butikkdamer, lærarar og legar. Det er unge og gamle, sjenerte og småsenile, blide og bryske, ja rett og slett folk. Og i dette tilfellet, hedølar.

Som sagt, dei tok venleg i mot meg. Eg fekk kaffe og kringle og klem. Eg kjenner ikkje mange i Hedalen, kanskje berre fem personar. Likevel var det hyggeleg å koma inn i gymsalen, det virka som eg kjente mange. Mange ville prate og eg møtte til og med ei dame eg kanskje er i slekt med. Eg følte meg i slekt med mange der, eg!

Hedalen er ei levande bygd. Det er fullt opp av lag og foreningar, organisajonar og aktivitetar. Det er entusiastar og originalar, innflyttarar og innfødte, ressursar og talent. Eg opplever dei som eit tett bygdefolk, med ein sterk identitet og eigenart. Og stolte av det! Og det har dei all grunn til.

Du lurer kanskje på kva denne lovprisinga av Hedalen betyr? Er eg sponsa av Hedda Hytter? Nei, dessvere ikkje. Men eg heiar på bygdene. Og eg heiar på barn. For meg heng det saman. Utan barn og bygder stoppar Norge. Utan barn og bygder stoppar livet. Barna er framtida og bygdene gir oss framtida. Trur du meg ikkje, kan du jo prøve å greie deg utan mat ei stund.

Difor blir eg både sjokkert og forundra over polikarar som vil kvitte seg med bygda. Korleis kan nokon tru at det er noko å tene på å øydelegge ei bygd? Ei bygd som Hedalen? Hedalen er som eit hjul, eit hjul med eit nav. Og navet er skulen. Den som kommuneadministrasjonen vil rive ned for å stoppe ein montessoriskule. Tek du navet ut av eit hjul, vil alle eikene dette. Slik som butikk, bensinstasjon, nytilflytting, framtidstru og felleskap. Hedalen ligg også slik til geografisk at det ikkje er så naturleg å havne der om du ikkje er spesielt interessert frå før. Folk på basaren fortalte meg at det kvart år kjem tilbake unge familiar for å busette seg. Det vil ikkje skje om bygda ikkje lenger har aktuelle tenestetilbod. Kvifor skal ein bu avsides om det ikkje lenger er nokon fordelar med det?Skal ungane kjøre buss opp til tre timar kvar dag? Det ville vera som at eg hadde kjørt mine barn til Gol. Det er galskap.

Dei som vil kvele Hedalen, må jo ha ein idé om at det er lurt. Dei må tru at det er til felles beste. Dei må tru at det fører til noko godt. Kommunepolitikarar går då ikkje rundt og er slemme berre for moro skuld. Dei må tru at å drepe ei utkantbygd er prisen å betale for at resten av kommunen skal greie seg. Dei må tru at det å kjøre buss i timesvis kvar dag er berre bra for barn. Dei må tru at fråflytting ikkje vil skje når skulen blir borte. Dei må tru at dei pengane dei sparer, veg opp for alle negative konsekvensar.

Og det er akkurat dette eg ikkje forstår. Tenk deg at kommunen er ein kropp, ein kropp som treng næring og stell og pleie. Dessverre er denne kroppen litt dyr i drift. Så då finn nokon ut at vi hogg av eine foten, då blir det meir att til resten. Om ein då ikkje blør ihel, sjølvsagt.