Sist oppdatert: 30.05.2015 19:48

Konfirmasjon i Hedalen 1938

  LISBETH GARLI
I en eske på loftet lå det en gulnet kladdebok. N. Garlie Stilbok står det sirlig skrevet på utsiden. Inni er det en rekke fortellinger om seterliv, vinterskoger og om julefeiring skrevet vinteren 1942
.

Nils Garlie, eller Nils i Midtgarden, var da 19 år og leste et ekstra år for lærer Halstein Storruste. Drømmen var å ta lærerprøven og bli lærer som sine onkler. Krigen og usikre tider kom i veien for drømmen, og Nils ble værende i Hedalen. Fra krigen til 1979 kjørte han melkerute til meieriet på Bagn. Han var klokker i Hedalen fra 1960 fram til han døde i 1984.

Ut av den gulnede boka ramlet et løst blad med tittelen "Ein konfirmasjonssundag". Der beskriver Nils sin konfirmasjon i 1938. Det var fire konfirmanter i Åsli dette året: Signe Aaslie (gift Lie), Mathea Åsheim (gift Flattum), Kristoffer Storruste og Nils Garlie. Nils’ søster, Tonette, har fortalt at det var derfor det ble skipet til felles kaffe for alle på skolehuset etter middag i hjemmene.

Stilen fikk karakteren Godt+ av lærer Storruste, med rettelser med lette blyantmerker. Det heter skilnad, ikke forskjell må vite, når opplæringa foregår på nynorsk, slik den gjorde i Åsli.

I år er hittil yngste blad Garli konfirmant. Da er det nok neppe hverken hestekø ved kirka eller kakaoservering på skolehuset i Åsli, men dagen blir nok sikkert minneverdig likevel.

Vi vil gjerne hilse til alle konfirmanter, «slektningar og vener» og ønske alle til lykke med konfirmasjonsdagen!


N
ils Garlie på konfirmasjonsdagen
Bildet er tatt ved søre hjørnet på skolehuset i Åsli

Ein konfirmasjonssundag
Eg vakna tidleg sundagsmorgon. I dag skulle det vera konfirmasjon, og eg sjølv var konfirmant, det var hausten 1938, den 2. oktober.

Eg sto opp og skulle kle på meg. Mor kom med den nye dressen min, alt skulle vera nytt i dag. Alle stader var det reinvaska og fint, så det skulle bli koseleg om eftan, for da skulle det kome slektningar og vener. Snart var det tida vi skulle reise til kyrkja. Far køyrde bilen på vegen, og så rusla det i veg.

Ein kald haustvind leika med dei gule blada på trea, og skodda låg tett og grå i fjelltoppane. Her og der etter vegen reiste vi forbi folk som var på veg til kyrkja. Snart var vi framme. Der var det liv, bilar, hestar og folk sto i kø. Vi kom oss inn, og eg fann plassen min blant dei andre konfirmantane. Snart ljoma orgeltonane gjennom kyrkja. Eg tykte det var svært høgtidsamt.

Presten heldt ei fin tale til oss konfirmantane om det livet vi skulle gå i møte, og at det var verdilaust om ikkje Jesus fekk vera førar på livsskuta vår. Og eg har seinare fått oppleva at det var ei sanning. Så kom presten og skulle overhøyra oss. Vi vart overhøyrde om bøna. Snart var gudstenesta slutt, og vi måtte seia farvel til presten som vi heldt så mykje av.

Så bar det i veg heimover. No var skodda borte, og sola strødde sitt gull over haustens fargerike prakt. Om ei stund var vi heime og sat ved middagsbordet saman med slekt og vener. Mange kom og gratulerte meg som vaksen, men eg kunne ikkje kjenne nokon større forskjell. Gåver og telegram fekk eg òg mykje av, så eg nesten ikkje kunne få takka for alt.

Om kvelden skulle vi ha fest på skulehuset. Der var heile Åslibygda samla. Fine kaker, kaffi og sjokolade vart servert, alt var festleg. Læraren vår heldt ein tale til oss konfirmantane og minte oss om ansvaret ved det løftet vi hadde gjeve i dag, og minna om den milepælen i vårt liv som vi hadde runda i dag.

Denne konfirmasjonssundagen står i minne som ein av dei mest høgtidsame dagane i mitt liv.

N. Garli.