Sist oppdatert: 09.03.2015 18:08

På tur og ut på tur

JØRN DAMSLORA 
For nokre dagar sidan vart huset mitt på Bagn lagt ut for sal, og eg har byrja å gå på visningar andre stader i landet. Mi tid som sør-aurdøl er forbi. Eg vil alltid ha slekt og nokre gode vener her, så heilt kvitt meg er de ikkje. Eg er og i gang med næringsutvikling, så kanskje jubla de litt vel tidleg.

Vi er mange som har rusla, padla, krabba, svømt og sykla rundt i kriker og kroker i Sør-Valdres. Det er mogleg eg skil meg ut ved å nytta og nyta heile kommunen og vel så det. Det som truleg skil meg mest frå dei andre som har rusla, padla, krabba, svømt og sykla rundt i kriker og kroker i Sør-Valdres, er at eg skriv om og offentleggjer mange av turane. Sør-Valdres kan by på eit enormt mangfald av flotte turmål og interessante kulturminne.

Eg hugsar framleis den kvelden i august 2004 då eg skildra min fyrste tur. Eg kjende med ein gong at dette var ein ny hobby, nærast ein lidenskap. Den fyrste gaiden tok for seg ein kanotur gjennom Vassfaret. Sidan den gong har eg utvida horisonten, teke mange bilete, snubla i Steinar og sett lyset.  Til trass for dette kjenner eg framleis stor glede over å finne og skildre nye turar. Eg har mykje ugjort på denne fronten. Eg har ei liste med omlag 20 interessante turmål eg ikkje har vitja enda. Mange av dei vil eg vitja til sumaren.

Sjølv om Bagn IL og eg tok kvar vår veg, er bygdeutvikling framleis viktig for meg. For at næringslivet, og følgjeleg Sør-Aurdal, skal ha best mogleg nytte av min kunnskap om turmål i Sør-Valdres har eg bestemt meg for å offentleggjere alle turgaidar eg har rettigheitene på. Vil du ha idear til nye turmål så finn du turane på: http://www.ivaldres.no/jorn-damslora/

Det kjem fleire turar etterkvart. Nokre ligg klare på datamaskina mi, nokre er i hovudet og fleire er på planleggingsstadiet. Det er og mogleg at turane kjem i andre fora, men det er viktig for meg å ha styringa på korleis mine turar vert presenterte. Eg gjev ikkje bort veslefingeren ein gong til. Du må gjerne linke til turane, men stel dei ikkje. Det aller beste er eigentleg at du går turane. Ynskjer du å gje ei tilbakemelding på feil og manglar, turtips eller berre helse på, så legg meg gjerne til som ven på facebook.  

Mvh. avtroppande sør-aurdøl Jørn Damslora