Sist oppdatert: 02.03.2015 05:48
 
Er sør-aurdølar meir samde enn nokon kunne tru?

ELDOR BRÅTHEN
Skole interesserer og blir debattert. Nokon gonger går debatten så friskt at det kan synest uråd å  bli samde om noko som helst. Somme gonger liknar han eit Svarteper-spel, der det er om å gjera at Svarteper til slutt ender i ei anna bygd, ikkje i den bygda ein sjølv hører heime i.

Sør-Aurdal kommune har hatt ein rapport om framtidig skolestruktur ute på høring, og det kom ikkje mindre enn 22 innspel før svarfristen gjekk ut. Bak nokre innspel står elevråd, foreldreråd, lærarar og andre som er direkte tilknytt skolen i det daglege. I tillegg til desse finst fråsegner som er underteikna av  privatpersonar,  bygdeutval og eit breitt spekter av organisasjonar. På ein eller annan måte angår skolen alle. Det er vanskeleg å sitje att som gammal i ei bygd dersom dei som yngre er, reiser ut.

Dei fleste fråsegnene, eigenleg alle, peiker på kva ei eventuell omleggjing vil få å seie for dei sjølve, borna deira og bygda dei bur i. Nokre, heldigvis få, er minst like opptekne av å leggje ned tilbod i ein annan del av kommunen snøggast råd er.

– Passer sentralskolemodellen vår kommune med de geografiske  utfordringene den har? spør FAU ved Reinli barnehage. Det er nok meint som eit argument mot sentralskole ved Garthus, og viss eg skal prøve å sjå saka frå deira ståstad, forstår eg den argumentasjonen. Det som synest meir underleg, er at dei og ein del andre folk frå øvre del av kommunen, likevel går inn for sentralisering. Viss ein  sentraliserer til Bagn, er alt greitt, sjølv om Bagn for mange elevar ligg enda lenger unna enn det Garthus gjer.

Avstanden er ikkje så ille, seier somme. Elevrådet ved Begnadalen skole har ei anna meining: – Noen elever på skolen vår bruker allerede 50 minutter på buss én vei. Det synes vi er lenge. Hvis skoleveien blir enda lengre, vil mange sitte på buss over en time hver vei. Det synes vi er altfor lenge. De små elevene blir redde, og vi får mindre fritid som vil kunne gå utover lekser, fysisk aktivitet og tid med familie og venner.
  
Kva så med ungdomsskoleelevane? For dei blir vel to og ein halv til tre timar på buss kvar dag berre hugnad?  Heldigvis finst det i bunken med fråsegner ein som er skriven av folk med røynsle. Fråsegna kjem frå eit ektepar som no vurderer å flytte frå Nord-Aurdal for å overta heimegarden synst i Begnadalen.

– Med skolebuss tar det ca. 1 time. Det var i alle fall realiteten da mor i vår familie gikk på ungdomsskolen på Bagn for en del år tilbake. En avstand på nær 4 mil nærmest umuliggjør å kunne delta på aktiviteter på ettermiddag – eller kveldstid. Barna mister nærheten til vennekretsen og muligheten å delta på fritidsaktiviter på linje med andre barn som bor nærmere skolesenter.

(Ein liten parentes frå mi side: Frå mange plassar i Hedalen er det godt over fire mil til Bagn, og mykje av vegen er av langt dårlegare kvalitet enn E16. Vel ein å byggje sentralskole på Garthus, begynner kanskje reisetida frå Hedalen å kome sånn nokonlunde ned mot reisetida  Strømsmoen –Bagn dei dagane det er godt føre over åsen. Det er det ikkje alle dagar i skoleåret.)

Ut frå somt av det eg no har trekt fram, kan overskrifta mi kanskje virke vel optimistisk. Det kan synest som om nord og sør i Sør-Aurdal står på kvar sin stubbe og roper til kvarandre utan vilje til å høre på kva den andre har å seie. Så ille er det likevel ikkje.

Bagn idrettslag  jobbar hardt for å få til fleirbrukshall på Bagn. Dei har etablert eit populært SFO-tilbod, Dei bruker kvart år titusenvis av kroner for å leie lokale av Etnedal kommune og private eigarar i Sør-Aurdal. Dette engasjementet fortener laget ros for, sjølv om eg meiner at det første fleirbrukshallforslaget deira kanskje var vel ambisiøst.

No påpeikar laget, ut frå si rolle som idrettslag, at sentralisering kanskje ikkje er så lurt.  Idrettslaget vil ikkje ha ein skolestruktur som inneber at fleire elevar må køyrast til skolen i staden for å kunne gå eller sykle, og dei tek avstand frå ein tankegang som inneber at økonomiske omsyn veg tyngre enn helsemessige og sosiale.

Bagn IL viser elles til eit kommunestyrevedtak frå 2013: – Vi ser vårt ansvar for skolen, og må raskt få på plass eit tilbod om gymnastikkanlegg. Seinare har kommunen skissert eit gymsalalternativ på 30x50 meter.-  Ein slik gymsal plassert på Bagn, seier idrettslaget no,- dekker det vi treng av innandørsanlegg på kveldstid.

Dette ønsket må kunne la seg sameine med det som Hedalen bygdeutval seier i si fråsegn:  –  Vi ønsker verken sentralskole, kulturbygg eller idrettshall, men tar til orde for at C-blokka på Bagn blir erstattet med tilfredsstillende skolebygg/ forsamlingslokale. Konkret forslag: – Bygg ny infrastruktur som dekker behovet som C-blokka representerer, med kombinert gymsal/forsamlingslokale.

I staden for strid bør det no vera duka for eit samarbeid som kommuneøkonomien tåler, og alle bør vera nøgde med: Begnadalen og Hedalen får behalde skolane og elevane sine, og Bagn får tilfredstillande gymsal og forsamlingslokale.

Her om dagen kom meldinga om kor mykje vi skal betale i eigedomsskatt. Eigedomsskatt i heile kommunen er etter mitt syn ikkje urettferdig, men det blir urettferdig dersom berre dei som bur nær det administrative kommunesenteret, skal få ha skolen i rimeleg nærleik.

Ikkje så sjeldan høyrer vi at no må alle ofre noko. Blir skolen sentralisert, må mange elevar i Begnadalen og Hedalen tilbringe 10-15 timar i veka på skolebuss kvart einaste år dei går på skolen. Det blir deira offer.  Mange foreldre vil kvi seg for å pålegge borna sine den belastninga. Dei har da valet mellom å busetja seg ein annan stad i Sør-Aurdal, dvs. nærare sentralskolen, eller busetjing i og skattebetaling til ein annan kommune.

Eg vil naudleg vera pessimist på vegne av Sør-Aurdal, men eg er stygt redd for at mange unge familiar vi elles kunne ha fått hit, kjem til å velja det siste alternativet. Å flytte heim vil for dei aller fleste bety å flytte tilbake til heimbygda. Det er ikkje i same grad eit ønske om å flytte tilbake til kommunen. Det eventuelle sentrumstilbodet dei vil finne i Sør-Aurdal, kan dei like gjerne finne ein annan stad.

Eg har sitert mange, men eg vel å gje siste ordet til Eirik. Han går i 4. klasse og skriv: – Jeg vil ha skole på Bagn, for da kan jeg sykle og gå til skolen og hjem igjen. Og går det så fort å gå hjem, så kan jeg bare starte med lekser, så da er jeg ferdig og har fri resten av dagen.

Skole handlar om tal, men det handlar i enda større grad om ungar. Eirik virkar å vera ein fornuftig kar som sikkert forstår at born og unge i andre delar av kommunen kan ha dei same ønska og behova som han har.

Eg vonar i det lengste at dei som no sit i Sør-Aurdal kommunestyre og skal bestemme skolestad og skoleveg for alle elevane i kommunen, er like fornuftige.