Sist oppdatert: 04.09.2015 08:06

Frå høgt til noko mindre sjukefråvær

 

– Totalt sjukefråvær i Sør-Aurdal kommune var i 2014 på
9 %. Dette opplyser fagleiar personal, Bjørg Dokken
. Det legemelde fråværet var på 8,1 % og det eigenmelde på 0,9 %.

 

Hittil i år er samla fråvær på 8,2 %, som fordeler seg på 7,3 % i legemeldt, og 0,9 % i eigenmeldt fråvær.

Førebygging
– Grunnlaget for arbeidet ute i tenestene med å førebyggje sjukefråvær ligg i kommunens «Handlingsplan for forebygging av sykefravær og et inkluderende arbeidsliv», med tillegg av dei samla rutinene for å ivareta helse, miljø og sikkerheit, som handlingsplanen er ein del av, skriv Dokken i ein e-post.

Handlingsplanen er revidert i år, i nært samarbeid med dei tillitsvalde. Denne har hovudfokus på kva som blir gjort, og korleis kommunen tilrettelegg og samhandlar i det daglege arbeidet på den enkelte arbeidsplass, men òg korleis arbeidsgjevar følgjer opp dei som er sjuke.