Sist oppdatert: 09.09.2015 06:16

Fredeleg valdebatt i Begnadalen

 

TEKST: ELDOR BRÅTHEN
BILETE: ARNE G. PERLESTENBAKKEN

K
ring 100 personar var samla da styreleiar for Reinli grendeutval og redaktør i Reinli.no, Rune Larheim, ønskte velkomen til  valdebatt på vegne av dei fire bygdesidene i Sør-Aurdal.

Ordet vart så gitt til debattleiaren, redaktør Ivar Brynhildsen i avisa Valdres, og vi fekk vite at det var sett opp seks tema.  


Redaktør Ivar Brynhildsen


Paneldeltakerne

Fyrste tema var Økonomi
Gunnar Heiene, Framstegspartiet  gjekk ikkje overraskande inn for konkurranseutsetjing. Vaktmeistertenester bør setjast ut på anbod. Talet på kommunale leiarar bør reduserast ved at kvar av dei som blir att, får eit breiare ansvarsområde. Brukarbetaling skal dekkje kommunale kostnader, ikkje meir.

Skolen  og eldreomsorga bør ha dei rammene dei  har i dag. Heiene sa seg lei for at Leirskogen barnehage ikkje fekk halde fram med kommunal stønad på ein ny stad.  Intekta til kommunen kan aukast  ved at kommunen legg til rette for næringsutvikling.   

Emmy Bakkom , Kristeleg folkeparti  (tidlegare Arbeiderpartiet) brukte uttrykket «bask» om sine til no åtte år i kommunestyret utan å gå nærare inn på kven ho hadde vore i basketak med, eller kvifor ho hadde skifta parti.

Bakkom  var usamd med Heiene i synet på konkurranseutsetjing, men meir på line med han når det gjeld om å redusere talet på kommunale leiarrar. Ein problemårsak er at politikarane har dårleg økonomisk kontroll med interkommunale tiltak som kommunen ikkje er vertskap for.  Politikarane bør elles bli flinkare til å prioritere.  Kommunen bør byggje det kommunen har bruk for, ikkje meir.  

Trine Adde Hansebakken, Arbeidarpartiet, sa innleiingsvis at hennar parti vi satse på gode offentlege tilbod. Ho var elles optimist på vegne av Sør-Aurdal. Bommen blir flytta til grensa mot Nord-Aurdal. Firefelts motorveg mellom Oslo og Hønefoss gjer kommunen enda meir attraktiv for folk som vil busetja seg her, og Treklyngen gir nye moglegheiter for skogbruket.  

Ordførar Kåre Helland, Senterpartiet sa at  økonomien  og økonomistyringa  i Sør-Aurdal er langt betre enn rykta vil ha det til. I 2007 var kommunen 10 millionar i minus. Ved utgangen av 2014 hadde ein 19 millionar på disposisjonsfond. Næringslivet, ikkje minst varehandelen, går bra.  Sjukeheimen har så god kapasitet at Sør-Aurdal kan leie ut plassar til andre. Inntektene som det gir, bidreg betre tenestetilbod for våre eigne inn byggjarar.

Helland meinte det ikkje er mykje å tene på å ha enda færre leiarstillingar. Kommunen hadde seks tenesteleiarar i 2007. No har ein 6. Det som gneg kommuneøkonomien ,er reduserte overføringar frå er  Staten pga. av nedgang i folketalet.  

Olav Kristian Huseby, Høgre, sa at kommunepolitikarane sikkert bør jobbe enda hardare med budsjettet,  Sør-Aurdal er ein kostbar kommune å drive fordi vi bur spreidd, men det er slik vi har valt å bu. Mange flyttar hit, men ikkje alle blir verande. Han var samd med  Gunnar Heiene og Framstegspartiet i synet på konkurranseutsetjing.   

Hanne Grimsrud, Tverrpolitisk liste ville privatisere ein del kommunale tenester og, om nødvendig, selje kommunal eigedom.

I ein kort oppfølgjingsrunde om økonomi sa Gunnar Heiene at Frp fyrst og fremst vil ha færre mellomleiarar. Interkommunalt samarbeid kan redusere kostnadene, og søndagsopne butikkar gir nye innteningsmogkegheiter for varehandelen.  

Emmy Bakkom  var samd i at ein del tenester kan og bør vere interkommunale og nemnde lønningskontor, planavdeling og barnevern som moglege område. Det er mogleg å spare pengar. Det blir lettare å få godt kvalifiserte folk, og ikkje minst innafor barnevernet, bidreg det til at familie og saksbehandlar ikkje blir for nær kjende. Ho var mot søndagsopne butikkar.  

Trine Adde Hansebakken var, som Bakkom, mot konkurranseutsetjing, for interkommunalisering av  ein del tenesteområde og for søndagsfri for tilsette i varehandelen.  

Kåre Helland sa at konkurranseutsetjing bidreg til ustabilitet og gjekk i mot dette. Senterpartiet ser interkommunalt samarbeid som eit godt alternativ til kommunesamanslåing, og det bør ikkje gjevast generelt løyve til å ha butikkane opne på søndagar.

Olav Kristian Huseby held fast på at konkurranseutsetjing ikkje er farleg.  Noko arbeid, t.d. snøbrøyting, vert allereie konkurranseutsett. Interkommunalt samarbeid gir dårlegare politisk kontroll enn eit felles  kommunestyre, og spørsmålet om søndagsope bør vera opp til kvar einskild butikkeigar.   

Hanne Grimsrud var positiv til interkommunalt samarbeid, men fann dette vanskeleg i helse- og omsorgssektoren. Om søndagsopne butikkar sa jo at folk, om mogleg, må ha fri i helgene.   

Skolestruktur
Møteleiaren tok her utgangspunkt i kommunestyrevedtak frå 19. mars og spørsmål frå Mari Ole Lie, som meinte  vedtaket gir stor usikkerheit om skolestrukturen i Hedalen og Begnadalen. Debattantane fekk no ordet i motsett tekkefølgje.  

Hanne Grimsrud fekk ordet først og ville ikkje diskutere 19. marsvedtaket. Seinare sa ho at Tverrpolitisk vil ha barne-og ungdomsskole i både øvre og ytre del.   

Kåre Helland ga ei kort orientering om vedtaket og meinte det var både klart og nødvendig. Eit utval som skal sjå på ei eventuell  fellesløysing for Nes i Ådal, Begnadalen og Hedalen innleiande  møte 19. juni.

Senterpartiet går elles inn for minst to skolestader, og Helland meinte det no  er opp til bygdene å finne kvarandre.  

Trine Adde Hansebakken ville ikkje gje nokon garanti for framtida.  

Emmy Bakkom sa at KrF går inn for to barne-og ungdomsskolar i Sør-Aurdal. Dei skolelevane som går på Bagn, bør leggjast under sams administrasjon. Skolane må ha tilfredsstillande ressursar. Gode opvekstmiljø og høveleg skoleveg er viktig. Ho vedgjekk å ha vore med på samrøystes vedtak , men innser at vegen til Bagn ikkje blir kortare om elevtalet bikkar under fem i snitt for årskulla,   

Ho ville elles vite kva Kåre Helland meinte med at løysinga bør vera opp til bygdene.  

Gunnar Heiene sa at Framstegspartiet vil behalda dei tre skolane vi har. Utan skole, ingen barnefamiliar i bygdene,og utan bygdene er heller ikkje Bagn mykje verdt. Hedealen skal ha skole, eventuelt i samarbeid med Nes.  

Olav Kristian Huseby held på vegner av Høgre fast på skolevedtaket frå mars, og sa elles lite om framtida.  

Anne Marie Skinnes Lie peikte på skole og helse-sosial som viktigaste arbeidsområde for ein kommune.Ho tok oppatt spørsmål frå Mari Ole Lie.  Avisoppslag fortel at ordføraren på Ringerike går inn for regionalt skolesenter på Nes. Kva går ordføraren i Sør-Aurdal til val på? Skal det byggjast skole på Nes for elevane frå Hedalen og Begnadalen?


Anne Marie Skinnes Lie 

Kåre Helland presiserte at avgjerda er opp til kommunestyret, men bygdeutvala kan vera med og gi råd, og kommunestyret bør leggje vekt på desse råda.  Han var elles samd med Ivar Brynhildsen som tidlegare hadde peikt på at Hedalen er i ein særstilling nær det gjeld avstand til Bagn. I forhold til Bagn er Nes i Ådal ei betre løysing reint avstandsmessig. Det som står fast, er at det har liten hensikt å tvinge på folk ei løysing dei ikkje vil ha.  

Trine Adde Hansebakken fekk ordet og gjekk inn for å framsnakke skolen.

                                                              

Næringsliv- er vi gode nok på marknadsføring?
Kort oppsummert kan ein seie at politikarane ein etter ein vedgjekk at marknadsføringa kunne ha vore betre, men at dei stort sett var nøgde med stoda slik ho er.  

Gunnar Heiene, Frp klaga på NVE som stansar lokal vaskraftutbyggjing. Gode tiltak for turistar er iverksett i Vassfaret, og området ligg gunstig til i høve til folkerike område.  

Emy Bakkom, KrF  peikte på motorvegen som snart gjer Hallingby til forstad for Oslo og ville marknadsføre Sør-Aurdal som ein bioenergikommune.  

Trine Adde Hansebakken,Ap ville marknadsføre gode oppvekstvilkår.  

Kåre Helland, Sp sa at kommunen primært må  vera tilretteleggjar for næringslivet. Sør-Aurdal er den einaste kommunen i Vldres som har næringskonsulent og gjer ikkje lite på dette området. Redaktøren i hedalen.no, Arne Heimestøl , har vore «buldozaren» med tanke pø fiberutbyggjing, men kommunen har og  spela ei viktig rolle.  

Olav Kristian Huseby, Høgre  sa at næringslivet sjølv er dei beste på marknadsføring og meinte dei sit inne med ganske mykje kreativitet.  

Hanne Grimsrud, Tvp  vil at vi skal ver meir patriotar. Arbeidsgjevaravgifta er låg samanlikna med nabokommunar. Dette må utnyttast i marknadsføringa. Forholda må leggjast til rette slik at fleire hytter kan bli brukte som heilårsbustad.  

Eldreomsorga
 
Her var politikarane enda meir tilfredse og samstemte.  Her er det bra!

Ordføraren var likevel inne på at det kan trengst meir hjelp.  Vi hadde ein top i 2012. Talet på eldre som treng pleie, er no på veg ned, men vi vil ruleg få ein ny topp om nokre år. Aukande tal demente er ei utfordring , og det same er hyttefolket. Sør-Aurdal bruker ei stilling berre på dei. 

Emmy Bakkom sa det  er viktig å bruke omsorgstrappa, dvs. tidleg omsorg for å unngå større kostnad seinare.  Ein bør unngå at unge demente blir plasserte på sjukeheimen  i  lag med eldre.  

Fossvangområdet
Kostnadsramma låg lenge på 90 millionar, men vart i siste møte før sommarferien auka til 120. Nettokostnadeen som kommunen må ut med, når statlege tilskot er trekte frå, er 73 mill. 

Gunnar Heiene sa at Frp hadde vore skeptiske til  auka kostnadsramme, men gjekk med på dette fordi mesteparten av auken vert dekt av tilskot.  

Trine Adde Hansebakken peikte på at bygget eigentleg er nedjustert i forhold til det som kunne ha vore ønskeleg. 

Kåre Helland tok oppatt fleire gonger at det trengst samfunnshall på Bagn. C-blokka måtte erstattast, og driftskostnadene blir neppe større fordi om ein no byggjer nytt.  

Emmy Bakkom presiserte at det huset som no blir bygd, skal vera eit hus for heile kommunen, og når skolane i Begnadalen og Hedalen kjem til bassenget, er dei i sitt eige basseng og har rett på like mykje brukstid som elevar som bur nærare. Det må og leggjast til rette for annan undervisninga den tida elevane ikkje er  i svømmehallen.  

Hanne Grimsrud meinte  at ei «storstove» som den Sør-Aurdal no får, vil ha mykje å seie for kulturlivet.  

Ivar Brynhildsen spurde før politikarane fekk  ordet innleiingsvis korleis kommunen ville betene ei auka lånegjeld på kring 70 millionar, og Anne Marie Skinnes Lie spurde  beint fram om kva dette vil gå utover.

Spørjarane fekk,  så langt vi registrerte, ingen klare svar. Anne Marie Skinnes Lie fann det og underleg  vedtak om hall vart slutten på ein lang og vond driftstilpasningsprosess. Ho nemnde at dei som bur på Bagn, no får fire idrettshallar innafor ein radius som er mindre en avstanden frå Hedalen til Bagn. Desse fakta fann ingen grunn til å kommentere.  

Flyktningespørsmålet
Det var allmen semje om at Sør-Aurdal kan ta i mot flyktningar,kanskje fleire enn dei 10 som det er gjort vedtak om. Ein burde ha stilt strengare økonomiske krav til UDI , og i panelet registrerte vi inge som meinte at flyktningane absoltt må busetjast på Bagn.  

Kommunereformen
Ein lang kveld ga likevel ikkje plass til mange av dei  apørsmåla som var sendeinn.  Vi nemner nokre få:

 -  Har politikerne tenkt å videreutvikle Begna industrisenter?

-  Bygder har bliit et fy-ord blant politikere.  Finnes det noe annet ord vi kan bruke om plassene rundt om i kommunen ?

- Hva vil ditt parti gjøre for å få flytte Helsestasjonen for ytre del tilbake til Begnadalen?

- Hvilket syn har partiet, rent konkret, på helsesamarbeidet med Ringerike?

Møteleiaren tok opp kommunerformen. Kåre Helland la vekt på ulempene. Avstandane blir lengre dei gongane folk treng å oppsøkje eit kommunalt kontor. Arbeidsplassar går tapt, og ytterlegare folketalsnedgang blir resultatet.

Olav Kristian Huseby meinte kommunesamanslåing kan  gje betre politisk kontroll, sterkare  fagmiljø og økonomisk innsparing.