Sist oppdatert: 13.04.2016 12:23

Kva er hensikta til kommunerevisor?

 

HÅKON RYDLAND, RÅDMANN I VESTRE SLIDRE
Eg ser at Kommunerevisor nok ein gong ser det turvande å publisera eit uferdig arbeidsdokument, denne gong på hedalen.no.

Då kontrollutvalet i Vestre Slidre skulle handsama saka, var han heilt einig i at dokumentet ikkje skulle takast med, og mine kommentarar vart justerte tilsvarande. I ettertid har han snudd og er likevel ikkje nøgd med dette, og har på eiga hand sendt det til både til avisa Valdres og til hedalen.no. Kva er det ein Kommunerevisor ønskjer å oppnå med dette, og med kva mynde gjer han det?

 

Det som var eit førebels arbeidsdokument som vart lagt fram til førebels orientering i formannskapet i Vestre Slidre, og som eit konfidensielt dokument, vart deretter samla inn att. Det same vart gjort i Etnedal, men der vart dokumentet liggjande. Då meiner tydelegvis Kommunerevisor at han har ein menneskerett til sjølv å avgjerda status på dokumentet, og å senda det til pressa. Er dette ein god strategi for ein Kommunerevisor?

 

Når det gjeld sjølve dokumentet, so er det svært uheldig at det i byrjinga hadde ein paragraf om ei mogleg fordeling av administrative postar i ein storkommune. Det skulle det aldri ha hatt, og denne vart då også teken bort då me gjekk gjennom heile dokumentet før ferdiggjering og offentleggjering. Dette har vorte beklaga både av ordførarar og rådmenn, og då er det vel kanskje på tide å leggja saka til sides og gå vidare med dei mange andre utfordringane me har føre oss i Valdres. Også for Kommunerevisor.