Sist oppdatert: 20.08.2016 05:49

Dette har vi venta på!

 

ARNE HEIMESTØL

– Skal det skje noko på Jevnlismyra? spurde vi i april. Denne veka starta eit vegarbeid som gler mange.

 

Aaslie Grave- og Transportservice er i gang med å fjerne asfalt på  halve vegbana over strekningar på til saman 730 meter. Når dette er gjort, skal ubrukeleg masse fjernast og erstattast med duk, kult/pukk, grus og asfalt. Gravedjubda vert minimum ein halv meter, opplyser Kenneth Åsli.
 

Etter at det er laga flat og fin veg på halve vegbreidda, skal det same skje på den andre sida. Dei som køyrer bil, må belage seg på noko venting når det er raudt lys, men det reknar vi med at dei færraste ber seg ille over.


Vatn har vore ei stor utfordring på myra, og fire stikkrenner treng dugeleg overhaling.

 

Aaslie reknar med at arbeida som skal gjennomførast, vil ta tre til fire veker.

 

Drosjeeigar Ola Jonny Fossholt var i retteleg godt humør då han møtte oss på myra i går. No håpar han at vegvesenet kan ta med vegstubben ned til Gran, for her er det vanskeleg å telje alle humpane – dei kjem frykteleg tett!

Gammal asfalt vert fjerna. Den skal brukast om att.
 


Ola Jonny Fossholt, Kenneth Aasli og Jon Kvikstadhagen