Vegarbeidet på Jennlismyra

 

ARNE HEIMESTØL

Syver Øistuen i Statens vegvesen opplyser at det skal skiftast ut masse på ei strekning på om lag 450 meter på begnadalssida av Jennlismyra.

 


I tillegg tek ein tre punkt ned mot Nerby. Han fortel at det skal lagast ei ny stikkrenne, og to stikkrenner skal skiftast ut på strekninga mellom Nerby og Jennlismyra.


Trafikantane må rekne ved vegarbeid fram til slutten av september. Strekninga som det skal skiftast masse på, vil få nytt dekke i år. Det er ikkje heilt spikra når vegen frå Tollefsrud til Nerby får nytt vegdekke.