Sist oppdatert: 16.12.2016 06:38

Å leggje ballen død og ta opp ein annan

 

OLA THORSRUD

Eg ser at Emmy Bakkom lurer på kva slags ball eg skriv om. Den omtala ballen var det ikkje eg som hadde fyrste touch på. Eg er litt usikker på om eg i det heile teke har hatt den. Men eit av spørsmåla i avisinnlegget mitt var: Men vil avisa Valdres legge ballen død?

Eg var så heldig å få med meg litt av kommunestyredebatten tysdag 6. desember frå galleriet. Der høyrde eg mellom anna Elling Fekjær sitt innlegg og syntes han fekk sett ord på saka om Sør-Aurdalhallen på ein svært god måte. Han sa mellom anna at no må vi unne heile Sør Aurdal det beste uansett kva det gjeld. Dette er ein hall for heile kommunen, og no må vi legge ballen død. Etterpå viste dei andre politikarane med praktisk handling nettopp dette. Eit stort fleirtal av representantane i både Hedalen og Begnadalen, og totalt 21 av 25 stemte for å bygge Sør-Aurdalhallen med ”full” størrelse på både idrettshall og symjehall. Med dette trudde eg den omtala ballen som Fekjær prata om var lagt død ein gong for alle.

Men avisa Valdres ville det annleis. Eg vart ordentleg frustrert over at avisa ville problematisere ei slik ”gladsak”. I denne saka var det stor semje blant dei folkevalde for ei storsatsing på skule, idrett og kultur. Men avisa vel å ha eit heilt anna fokus. Innlegget mitt i avisa var kun retta mot redaksjonen i avisa Valdres og deira vinkling av saka. Media har stor makt og kan av og til velje om dei vil bygge murar og grøfter eller bruer og vegar. I omtala av denne saka meiner eg avisa valde heilt feil. Eg meiner at dei folkevalde samt innbyggarane i Sør Aurdal her hadde fortent ei heilt anna framstilling av saka.

Viss vi vil, kan vi alltid klare å klage og spreie usemje. Men dette tener ikkje til det gode. Personleg håper eg at vi i tida framover vel å bruke mest av dei gode orda, både innad i kvar einskild bygd og oss bygdene imellom. Det er viktig å snakke kvarandre opp og fram. Det har vi grunn til, og det trur eg vil fremje både trivsel og busetjing for alle i Sør Aurdal. Og denne her ballen håper eg flest mogeleg vil ta opp og bruke flittig.