Sist oppdatert: 01.06.2016 20:29

Ved opninga av klubbhuset til Hedalen il

 

ELDOR BRÅTHEN



Eg har lyst til å begynne med å fortelja om kaffikoppen min. På den koppen finst nokre ord etter hardangerdiktaren Olav H. Hauge: - Skogen stend, men han skifter sine tre.
Nokon begynner kanskje å tenke: – Skal no han Eldor blande nynorsk oppi dette og? Det er berre det, skjønner de, at nynorsk og idrettsaktivitet her i Hedalen heng meir i hop enn de trur. I ungdomslagsprotokollen frå 1921 står det f. eks. at «lærar Hansen held foredrag om Vinje , og premier for skirennet før helga vart utdelt.»
Går vi fram til 1923, les vi den same protokollen om St. Hans-fest ved Skardtjernhaugen der det vart lansert ganske spenstige planar for idrettsanlegg i dette området. Det vart foreslått: skytterbane, idrettsplass og hoppbakker, og ungdomslaget burde ha ei hytte på toppen av haugen!

Ungdomslaget og idrettslaget hadde mykje samarbeid på den tid, og har det vel framleis: «Skogen stend, men han skifter sine tre.» Ola Gran, bestefar til Ola Jonny, som i dag er leiar i idrettslaget, foreslo i 1930 at dei to laga skulle slå seg i hop. Ola var formann i HUL, og ideen var kanskje å minske behovet for tillitsvalde. «Saki vart utsett, så me betre kunne få tenke over den», står det i HUL-protokollen , og meir ikkje funne om henne.

Vi får kome oss ned frå Skardtjernhaugen og til området vi er på nett no. HIL vart stifta i 1908. Arbeidet med idrettsplassen, altså grusbanen, tok til hausten 1932 og held fram året etter. Mesteparten var nok dugnadsinnsats, men arbeidet stansa likevel opp pga. pengemangel. HIL hadde fått 200 kroner av Landsforbundet og hadde sjølve kr 100 i eigenkapital. Da desse pengane vr oppbrukte, vart det pause.

- Skogen stend, men han skifter sine tre, skreiv Olav H.Hauge. Det går an å snu litt på dei orda .
Når trei stend, går det an å skifte i skogen. Det var nett det vi gjorde da eg og fleire andre begynte på gutelaget for vel 60 år sidan. Her var nokonlunde grov skog og ikkje så flatt og ope som det no er. Vi skifta i skogen slik folk hadde gjort frå tidleg på 30-talet og fram til Hedalen barne -og ungdomsskole sto ferdig i 1967. Skolen forandra veldig mykje i positiv lei da han kom for 49 år sidan, og dei negative konsekvensane vil truleg bli store om han blir teken frå oss. Vi pratar ikkje meir om det temaet her og no.

Vi går til 1974. Da hadde journalist Gudbrand Brager eit referat i «Vallersen.» Overskrift: -Hedalen idrettslag har løst en stor og viktig oppgave.
Det galdt lysløypa. Ho var 2,5 km lang, hadde 62 lyspunkt og var da lengste lysløypa i Valdres. Sidan den gongen er lysløypa lagt om fleire gonger av forskjellige årsakar. Idrettslaget fekk i si tid utarbeidd orienteringskart for området rundt skolen. Det beste ein kan seie om det kartet no, er vel at kartet ikkje stemmer med terrenget.

-Skogen stend, men han skifter sine tre.
Inger Fossholt tok kontakt med ingeniørkompaniet på Hvalsmoen i 1977, Grasbanen vart offisielt opna 16.juni 1984, og ordførar Kristofer Storruste hadde ekstrajobb med å lempe ivrige smågutar bort frå grasmatta inntil deira tur kom. Dei to skibakkane vart tekne i bruk i 1982, og var vel stort sett resultat av dugnadsarbeid som gjekk samtidig med arbeidet på idrettsplassen.

Neste stopp er årsmelding 1990-91. Enno er det 25 år til dagen i dag, men vi treng ikkje gå lenger for å finne dette notatet: - Svømmehall og klubbhus er gjenganger på styremøtene.
No er i alle fall klubbhuset røyndom.
Gunnar Kana var leiar ved lysløypeopninga i i 1974. I følgje G.A.Brager uttrykte han «begeistring over at planen hadde blitt realitet», og Gunnar hadde all grunn til å vera begeistra , og ikkje minst tilfreds med bakgrunn i det arbeidet han og fleire andre hadde gjort.
Slik er det vel med styret i dag og. Dei og vi kan «kle på oss» minst fire forskjellige kjensler, alt ettersom: Begeistring, tilfredsheit, stoltheit og takknemlegheit.

- Skogen stend, men han skifter sine tre.
Øystein Fossholt delte eit bilete på face-book for ei tid sidan. Eg trur det er å finne på face-booksida til idrettslaget, og det viser svært unge idrettslagsmedlemmer som er i ferd med å merke banen. Inntil vidare er handtaket på merkevogna høgare over marka enn dei er sjølve, men dugnadsviljen er der, og dei veks til.
Gratulerer med dagen! Til lukke med klubbhuset! Slit det med helsa!