Sist oppdatert: 06.06.2016 20:09

Kyrkjekonsert i nord og sør

 

Langeleikspelerane Ole og Knut Aastad Bråten frå Fagernes held kyrkjekonsert i Hedalen og på Filefjell under årets Hilme-stemne.

 

 

Brøtagutadn har spelt langeleik sidan dei var 16 år gamle, og saman har dei bidrege til eit løft for langeleikmusikken i Noreg dei siste 20 åra. Brørne har vunne klassen for langeleik på Landskappleiken til saman 12 gonger. I 2006 fekk Knut Kongepokalen for spelet sitt, Ole vann pokalen i 2014. Dei har delteke på konsertar over heile landet, og dei har medverka på fleire plateinnspelingar. I 2015 kom dei ut med fyrste plata si, «Til Ragna», som i 2016 vart nominert til Spellemannprisen.

 – Kva slags musikk får vi høyre på konserten på Filefjell og i Hedalen?
 – På konserten serverer vi eit tverrsnitt av det vi held på med i dag. Mykje er arrangert for to leikar, men alle låttane er innanfor ei tradisjonell ramme. Vi kunne sikkert invitert med oss ein brøte med andre folkemusikarar, men det finst lite langeleikmusikk i verda, så det er naturleg for oss å la langeleikane klinge for seg sjølve denne gongen. Eg trur det blir vakkert, seier Ole.

 – Plata dykkar som kom i 2015 heiter «Til Ragna». Kven er Ragna?
 – Ragna er namnet på spelkvinna Ragna Brenno Frydenberg frå Bagn, som vi gjekk i lære hos i åra frå 1998 og fram til ho døydde i 2006. Ho budde mesteparten av livet i ei lita leilegheit i Oslo. Ragna var heilstøypt som menneske og musikar. Ho hadde ei ikonisk kraft, bar stolt med seg musikkarven, men var høgst til stades i notida, fortel Knut.

 – Vi har sjølvsagt lært av mange andre spelkvinner og – menn òg, men Ragna var den eldste og rettleia oss ikkje berre i tradisjonar og spel, men også i livsvisdom og saftige skrøner, seier Ole.

Brøtagutadn er knytt til ei rekkje tradisjonsliner, mellom andre far til Ragna, Ola Brenno (1865–1957) frå Bagn og Olav Snortheim (1911–1988) frå Vestre Slidre, og dei har lært spel av systrene Hegge på Skammestein og Bergljot Hedda Lunde i Etnedal. I heimen i Brøta har det òg vore mykje musikk.

 – Mor og far elskar gamaldans, og smitta oss med musikkglede frå vi var små. På farssida har det vore spelemenn, glade songarar og dansarar i mange generasjonar. Ingen av dei har merka seg på noko scene, rettnok, men det har vore song og spel til heimebruk. Bestemor i Brøta spelte gitar og song religiøse songar. Bror hennar, Jørgen Dalen spelte fele, og han laga langeleikar. Og då vi hadde passert 17 år tok vi til å lære av han – og vart hekta. Vår reise inn i langeleikverda var intens. Vi ville lære alt på ein gong. Vi var besette, fortel dei.

 – Og kven er best av dykk, då?
 – Vi får vere diplomatiske med kvarandre. Tvillingar er alltid like gode, avsluttar Knut.

Konserten med Brøtagutadn er sundag 24. juli i St. Thomaskyrkja på Filefjell, og måndag 25. juli i Hedalen.

Meir her.