Sist oppdatert: 21.05.2016 20:17

Kva er best for garden?

 

MARIT HEIER LAJORD (Teksten er tidlegare publisert i Aftenposten.)

Odelsretten. Odelskulturen på sitt verste handlar om dei manglande samtalane om kven som bør overta, kven som er best skikka.

Stortinget skal nok ein gong handsame forslaget om å fjerne odelen frå Grunnlova. Resultatet er gjeve - det vert inga oppheving denne gongen heller, og odelslova får grunnlovsvern endå ei stortingsperiode. Odelsrettshavarane bør likevel ta ansvar, ved å velje og så kanskje skrive retten frå seg.

Forslaget har knapt vorte debattert, om ein ser bort frå tilnærma semje om å behalde den i Nationen og ei runde i Dagsnytt atten. Det er gjerne slik med grunnlovsforslag. Og har ein følgd landbruksordskifta ei tid, har ein høyrt argumenta før: odel er heilt naudsynt for å hindre storkapitalen frå å ta over jorda, bevare familielandbruket, halde gardane i slekta og sikre likestillinga. Mot dette har ein høyrt argumenta om likestillingsprinsippet og det problematiske ved at retten kviler på ein snever krins, om at anna regelverk er tilstrekkeleg for å sikre fordelane av lova, og om behova for frisk kapital og for auka omsetnad av gardsbruk.

Gode generasjonsskifte
I det generelle debattfråværet står likevel dei psykologiske aspekta i ei særstilling. Sjølv om dei kanskje viktigaste samtalane skjer heime på gardane, er desse viktige også i det store biletet. Det handlar om forvaltaransvar, odelskultur og pliktkjensle, men mest av alt handlar det om val. Valet om å ta over garden, som odelslova som hovudregel gjev den eldste i syskenflokken.

Det at berre ein kan stå fyrst i odelsrekka, er odelslova sitt naturlege problem. Slik eg ser det, handlar ikkje grunnlovsendring og etterfylgjande oppheving av odelslova, om å få storkapitalen til å ta over norske gardar. Ei slik endring handlar heller ikkje om å fortrenge den gode sjølveigande norske bonden eller om så høge prisar at det vert umogleg for neste generasjon i det heile å ta over. Det handlar om gode generasjonsskifte i og for landbruket. Manglande rekruttering, det faktum at berre 10 prosent av bøndene er under 40 år, og vegen inn for dei interesserte, er av dei største problemkompleksa i landbruket. Men ingen peikar på odelen.

Redsle og farlege samtalar
Odelskulturen på sitt verste handlar om dei manglande samtalane om kven som bør overta, kven som er best skikka til det. Andre nestleiar i Bondelaget, Brita Skallerud, gav i Dagsnytt atten 12. april i år, uttrykk for at fråveret av samtalar om overdraginga ikkje lenger stemmer. «Odel er diskusjonstema i familien», uttala ho den gongen. Men kanskje er dette berre ein del av røynda? Mi erfaring er det motsette, særleg frå dei stille fjellstroka eg sjølv kjem ifrå, men også frå fjordar og flatbygder. På alt for mange gardar talar ein ikkje om odel og overtaking i det heile. Det er som farlege samtalar, og samtalar som ein i alle høve ikkje skal ta for tidleg. Kanskje kjenner foreldregenerasjonen på ei redsle? For å tvinge, for å ta ifrå nokon valfridomen, eller endå verre - redsla for eit negativt svar om at ingen vil ta over og garden skal ut av slekta.

«Ingen vert tvinga til å ta over garden lenger», seier odelsforkjemparane. Brita Skallerud sa i det same programmet på Dagsnytt atten at «den som er interessert, tek over». Odelsguten som kjenner på det tunge kravet om å ta over, finst kanskje ikkje lenger. Det gjer derimot alle odelsgutane og odelsjentene som vil ha moglegheitene opne til å ta over gardsbruka når det måtte passe dei. For, dei fleste gardar har jo ei mengd av moglegheiter: kornåkrar, utmarksrettar og vakre utsiktar. Kanskje er det tomteutviklingsprosjekt og framtidige inntekter. Om ein plutseleg vert lei av byen, kjenner litt på ei dragning mot å satse på lokalmat eller eit snev av identitetskrise, då er odelsretten kjekk å ha.

Vinglarane skurar i veg
«Eg har enno ikkje bestemt meg. Kanskje vert det annleis når eg får ungar sjølv, kanskje ungane mine har lyst til å drive gard, ein gong, i framtida kanskje?! Dessutan er garden fin som feriebustad.»

Dette er blant dei vanlegaste utsegna eg høyrer frå vinglarane, dei som aldri får bestemt seg om dei vil overta eller ikkje - om dei er 20 eller nærmar seg 40. Slik skurar dei i veg - yngre sysken mistar kan hende interessa, droppar landsbruksutdanning og får røter andre stader. Nokre stader har vinglinga òg vore sterkt medverkande til at drifta har vorte lagt ned, jorda leigd bort.

Eg skreiv sjølv ifrå meg odelen i ein alder av 22. Eg skreiv ifrå meg retten til å få eigne lam frå ei god besetning springande mot meg, gleda over å få siste rundballen pakka, husa forfedrane mine sjølve bygde på 1800-talet, ein støl, eit fjellfiske og nokre framskåp.

Men eg skreiv òg ifrå meg smerta, slitet og dei største kostnadane. Å måtte bære ut daude lam, mjølkefeber, nødslakt og øydelagt reiskap i slåtten. Då eg som 25-åring mista far min, slapp eg ta valet om eg skulle ta over eller ikkje.
Generasjonsskiftet heime kom 10 år tidligare enn planlagt, men eg hadde ei veslesyster med landbruksutdanning som kunne og ville drive. Eg slapp å ta valet då.

Mitt vanskelegaste val
Valet mitt var likevel ein prosess. Sjølv om det er det vanskelegaste valet eg har take, var det mykje verre for yngre sysken med større kunnskap og interesse. Eg var vrang, og rundane rundt kjøkkenbordet var mange. Men eg var heldig som hadde foreldre som starta samtalane tidleg, som stilte krav og kom med klår beskjed: «No Marit, må du bestemme deg!»

Å diskutere er ikkje det same som å ta ei avgjerd når den med odel knapt er konfirmert. Men å overta ein gard er eit stort, langsamt og vanskeleg val. Då er det ein stor fordel å ha starta tidleg.

Å ta over ein gard er også eit verdival og kanskje eit livsval. Men ein bør kanskje ikkje overdrive graden av lagnadsval heller? For det er berre eit val av fleire - utdanning, partnar, interesse og menneske. Grublar ein nok, får ein kanskje aldri visse om valet var rett?

Eg skreiv frå meg retten til den staden eg set aller høgast i heile verda, også fordi den er staden eg set høgast. For eg tok valet fyrst då eg fekk spørsmålet: Kva trur du er best for garden? Fleire burde stille seg det spørsmålet.